Viser innlegg med etiketten sosial programvare. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten sosial programvare. Vis alle innlegg

onsdag 25. mars 2009

Web 2.0 med pedagogisk potensiale?







Ein jungel av muligheter ligg der.

Mange web 2.0 løysingar ligg klar for bruk på nettet. Ein forutsetning er at me kjenner til dei. Sjølv kjenner eg til ein del, nokre har eg i bruk, nokre har eg sett i bruk, og andre har eg ikkje sett meg inn i. Når det gjeld video så brukar eg youtube både privat og i arbeidssamanheng. Elevane brukar mykje video frå youtube ved framføringar av prosjekt og liknande. Vidre ser eg at dei deler mykje video med kvarandre på Facebook. Google videos har eg ikkje tatt i bruk og kjenner lite til. Kanskje det bør vera det neste eg tek tak i? Video kan vera eit greit pedagogisk verktøy i somme samanhengar. Særleg i prosjekt og temaarbeid der elevane vil visa til noko spesielt. Dessutan vert ofte framlegginga variert og kreativ ved slik bruk.

Når det gjeld lydprogram så kjenner eg til og har testa ut audacity. Dette har eg fått med meg gjennom studiet her og eg meiner det er eit godt verktøy både for meg sjølv og elevane. Når me jobbar med samansette tekstar kan dette vera eit godt hjelpemiddel, men det er viktig å vera oppteken av rettigheiter og gjera elevane merksame på at åndsverklova vert fulgt.
Bokmerker som bloggroll og delicious kjenner eg diverre ikkje til, men så snart eg får tid vil eg prøva å setja meg inn i bruken av desse for å testa om det kan vera eit pedagogisk potensiale i dei.

Mindomo og Freemind er tankekart på nett. Eg har teke Mindomo i bruk og brukt det i 10.klasse. Ein del elevar brukar programmet heile tida no og har funne eit godt verktøy i det. Det vil eg og gjera, men med arbeidsmengd på jobb, studiet i tilleg og fosterheimsoppgåve, vert det rett og slett raskare for meg å teikna karta for hand nett no. Eg meiner nettprogramma er betre , rydigare og med mange fleir muligheter. Ein lærar vil ha mykje att for å bruka desse.Eit godt pedagogisk hjelpemiddel.

Flickr og Picasa er verktøy for bilete. Eg har bruka picasa litt, men det eg har brukt mest på nett er picnik der eg redigerer bilete som eg lagrar lokalt på maskina mi. Eg brukar photostory eller movie maker aller helst. Det er fordi eg ikkje føler sikkerheit med å ha bileta i picasa. Ein kan jo velgja om ein vil ha dei offentleg eller ikkje , men dette valet treng eg ikkje ta stillig til i dei to programma eg nemner at eg brukar. Som verktøy for elevane synes eg picnik er godt. Eg har brukt det ein del i 8.klasse no, elevane finn lett ut av programvara og synes det er både interessant og kjekt å bruka. Dermed er det og enkalre å motivera dei for teori kring biletbehandling.

Tekstverktøy i web 2.0 er mellom anna Google dokument som eg meiner er eit svært godt pedagogisk verktøy. Her har me full mulighet til samskriving og til å laga samansette tekstar. Me kan dela dokumentet med kvarandre, med andre i klassen, på skulen og alle på nettet. Som sagt eit svært godt verktøy, særleg i sambruk med skype der ein kan ha tekstsamtale, videosamtale eller telefonsamtale medan ein jobbar.

Blogg er eit anna tekstverktøy og verktøy for samansette tekstar. Eg nyttar blogg. Det same gjer ein del elevar. Eg har ikkje teke det i bruk i heil klasse, men har det i bruk der det er tale om elevar som slit med vanlege skriftlege innleveringar. Viss dei bloggar, kan eg gje dei gode bloggoppgåver og dermed kunna vurdera dei skriftleg. Ein annan ting er at eg kanskje skulle teke blogg meir i bruk for å dela kunnskap og kunna kommentera til kvarandre.
Wiki brukar eg ikkje.
Syndikeringsverktøy er atom og rss. Eg har teke i bruk rss for å abonera på gode nettsider til netvibessida som eg har laga for 10.klasse. http://netvibes.com/grovalestrand#Almenn. Dette gjev oss ein unik mulighet til å laga gode nettsider for ungdomane våre. Klassen kan ha si eiga side der me abonnerer på gode informative sider. Dermed slepp elevane å googla etter informasjon. I google får dei kanskje berre opp 5 – 10% av dei sidene som er gode dersom dei søkjer. Elles må ein søkja heilt konkret ettr noko spesielt.

Sosiale nettverk eg kjenner til er My Space, facebook og nettby. My Space kjenner eg ikkje meir til enn at eg har kikka innom andre sine sider. Eg nyttar sjølv facebook, men trur ikkje det er så stort pedagogisk potensiale i desse sidene. Spesielt ikkje i nettby. Ein kan sjølvsagt diskutera kor mykje ein lærer av å delta i slike sider, i diskusjonar, dela video med kvarande, melda seg inn og ut i grupper osv. I nettby ser eg at ungdommane og skriv med eit språk der forkortingar og kodar vert brukt. Desse forkortingane ser eg igjen i norskfaget i form av feilskriving. Ein skriv meir dialekt og forkortingar som ikkje bør vera med i stila t.d. Det er ikkje bra.
Ning og linkedin kjenner eg ikkje til.

Mange nett2.0 løysingar kan vera gode å ta i bruk. Det er faktisk heilt nødvendig at me tek dei i bruk. Me skal læra ungdomane å ta seg fram på nettet på ein fornuftig måte, me skal visa dei gode måtar å sortera kunnskap, læra dei om gode kjelder, samansette tekstar, kunna ta seg fram i den teknologiske jungelen som etter kvart byrjar å bli og vera gagns menneske framover. Då må dei kjenna til nettet, løysingane og mulighetane som ligg der, men og alle dei farane som føl med dette. Det er opp til oss som lærarar å halda tritt med tida, gje elevane kunnskap om dette og bruka det som eventuelt vurderer som gode pedagogiske verktøy.

mandag 2. februar 2009

Sosial programvare mykje brukt mellom ungdom

I digitale media skil me gjerne mellom informasjonshenting og publisering. Eg vil her setja fokus på publisering på nett og personvern, særleg i ungdomskulturen.:




Sosial programvare – mykje brukt mellom ungdom – ei vurdering av nokre vanlege nettsamfunn.
Eg har her vurdert bruken av noko sosiale programvare eg kjenner til på nett. Valet mitt har hamna på den programvara eg ser mest brukt mellom ungdom rundt meg , og der eg òg, akkurat difor, har vore mest aktiv sjølv. Teksten min vil vera prega av subjektive meiningar ut frå erfaringar eg har med programvare, med ungdom både heime og gjennom arbeidet mitt.

Sosial programvare har kome for å bli. Det er det inga tvil om. Då vil det vera ei utfordring for den vaksne generasjon å setja seg inn i bruken av denne programvara og kva dei ulike nettsamfunna inneheld. Me må vera klar over at dei fleste ungdommar har full kontroll over denne bruken og nyttar ofte mange timar for dagen i chatterom, deler videoar og bilete spelar osv. Mange brukar ofte timane langt ut i nettene òg på denne typen aktivitet. Seinast i dag 2.febr 09 høyrde eg på radioen at store delar av norske elevar hadde problem med skulen pga natteleg aktivitet i sosial programvare og dataspeling. Fleire måtte etter kvart leggjast inn til psykiatrisk behandling pga aktiviteten. (NRK P1., nyheiter 2.febr09)

Men er det berre uttrøytting og psykiske problem som fylgje av det som ligg til grunn? Spørsmålet vil nok vera vanskeleg å svara på, men det er i alle fall heva over kvar ein tvil at all den aktiviteten ungdomane driv med ikkje er like trygg. Då tenkjer eg på kva som vert skrive og lagt ut for ålmennheita, kva bilete ein legg ut offentleg, og ikkje minst videoar. Det kan sjå ut til at særleg ungdom, men og nokre i vaksengenerasjonen, har problem med å sjå fylgjene av det dei gjer. Kanskje dei rett og slett ikkje forstår rekkjevidda av det dei gjer og kor mange dette når berre på få sekund.

Vidare er temaet mobbing svært aktuelt i så måte, både på nettet og utanfor. Dette har etter kvart vorte den vanlegaste forma for plaging og har vist seg vera ei stor belastning for enkelte ungdomar. Temaet mobbing er og mellom eit av hovudpunkta i ein rapport som kom før jul frå Internet Safety Technical Task Force. Rapporten er kalla ”Enhancing Child Safety and other Technologies” og du kan lasta han ned her: http://cyber.law.harward.edu/pubrelease/isttf/
Sjølv har eg fleire erfaringar med ungdom som har vorte mobba på nett. Særleg har dette vore i nettsamfunnet Nettby. For nokon har det vore så alvorleg at det har vore diskutert med politi for eventuell annmelding.

Tar me ein tur i http://www.nettby.no/ og ser kva ungdom legg ut om seg sjølv både av tekst og bilete, samt kva dei skriv til kvarandre og med kva for ein ordbruk, kan ein lura på om dei i heile tatt forstår konsekvensane dette kan få. I gjestebøkene til kvarandre skriv dei usensurert til og om kvarandre og ofte er fleire inne samstundes og skriv og diskuterer same tema. På ein måte fungerer dette om lag som når dei chattar i MSN, forskjellen er at her vert det dei skriv liggjande og kvens om helst kan lesa det seinare. Dato og tid for når det vart skrive står der og, og me kan sjå at mange snakkar med kvarandre i seine nattetimar midt i vekene så vel som i helgar.. Utfordrande bilete av barn i tidleg pubertet er heller ikkje uvanleg å finna i Nettby. Korleis skal me få borna til å få gode haldningar og digital dømmekraft? Ein ting er sikkert, fyrst av alt må me vaksne setja oss inn i problematikken sjølv for så å prøva å hjelpa ungdomane til å forstå konsekvensane.

Ut i frå personvernlova har ein heller ikkje lov å leggja ut bilete av andre utan løyve. I til dømes www.facebook.com kan kven som helst verta ute for at det ligg bilete av dei. Det kan vera seg at du er i eit festleg lag ein kveld og neste dag ligg det bilete av deg på facebook. Kanskje er du ein av dei som er i bakgrunnen av biletet og no vert presentert på facebook.

No skal det vera sagt at nettsamfunna har ein link der du kan rapportera bilete som du meiner ligg der uløyves. Likevel har du alt lagt der ei stund og me kan berre tippa kor mange millionar det har nådd ut til og kor mange gonger det eventuelt kan vera kopiert osv. Det vil vera umogeleg å få fjerna for godt bilete og videoar som alt har vorte lagt ut . øvst i innlegget her er eit klipp frå facebook der du ser kva som har skjedd dei siste minuttane. Som me ser har nokon lasta opp bilete av andre som vertlagt ut på denne måten. Då er det berre for meg å klikka meg vidare i bileta og sjå alle, eventuelt lagra dei hos meg sjølv eller bruka dei.

Youtube.com er ein ynda stad for ungdom å leggja ut video dei har laga sjølv. Det er gjerne video som er tatt med mobilkamera der og då , og vedkomande på filmen veit kanskje ikkje eingong at det er filma. Mellom anna kan me finna denne filmen på www.youtube.com:

http://www.youtube.com/watch?v=brn5nWNJqz4 Dette er link til ein film av ein lærar. Mest truleg veit ikkje læraren at ho er filma.

Kven sitt ansvar er så dette? Jau etter mi meining er det fyrst og fremst foreldre og føresette som må prøva å fylgja med på kva som går føre seg. Då kan ein ikkje vera fråverande og redde for å oppretta ein profil på nettstader. Det er einaste måten ein kan fylgja med på kva ungane våre held på med og om dei føl den sikkerheita me ynskjer. Eg trur det er heilt nødvendig at me vaksne deltek i desse nettsamfunna. Korleis skal me elles kunna hjelpa borna våre? Det er opp til oss sjølve kor mykje me gjer ut av det. Du kan vera aktiv deltakar , eller du kan vera ein passiv deltakar som berre føl med på kva som går føre seg.

Vidare er det ein stor jobb for oss lærarar å gjera elevane medvitne . Me må ha tid i kvardagane til å ta opp tema om sikkerheit og personvern og trygg nettbruk. Datatilsynet har gjort fleire tiltak for å gjera slik kunnskap tilgjengeleg. På nettstaden http://dubestemmer.no/ vil ein finna godt eigna stoff både for elevar og foreldre. Her er enkel tekst , bilete og video. Eg trur mange ungdomar vil tenkja meir gjennom sikkerheita og konsekvensane om dei vert gjort merksame på det , ikkje berre ein gong men fleire. Då må me berre setja i gang, gjerne fletta temaet inn alle stader og stadig minna dei på dette.