søndag 1. mars 2009

Barn og unges digitale arena - utvikling - bruk


«Sesam generasjonen» er eit omgrep henta frå Elise Seip Tønnessen si bok Generasjon .com Ho har drive forskning på den fyrste generasjonen som har vakse opp med eit kommersielt fleirkanaltilbod i TV, og som samstundes har opplevd utbreiinga av datamaskin og verdsveven si utbreiing. Fleir og fleir heimar har fått datamaskin til heimebruk i denne tida. Åra me snakkar om her er 1993 til 2005.

Når eg no skal skriva innlegget mitt her, vil boka til Tønnessen og hennar forskning liggja til grunn, men og at eg har opplevd sesamgenerasjonen tett på og har i tillegg jobba med ungdom både i fritid, gjennom utekontaktarbeid, og arbeid i skulen i desse åra.
Sjølv har eg ein gut som tilhøyrer Sesamgenerasjonen. Han var fødd 1990 og går ut av vidaregåande skule i 2009. Eg har danna meg nokre tankar om den raske digitale utviklinga og korleis me bør takla fenomenet.

Den digitale utviklinga har vore svært raskt veksande i desse åra. Tønnesen si bok omhandlar åra fram til 2005. Eg vil og sei noko om kva eg trur om åra frå 2005 og fram til i dag. I klasserommet på arbeidsstaden har me følt utviklinga på kroppen. Me ser ein stadig aukande bruk av datamaskin og programvare.

Tidlegare hadde folk gjerne ein eller muligens to fjernsyn i huset. Få hadde datamaskin.Etter kvart fekk me fleire kanalar å velgja mellom på Tv og enkelte byrja å kjøpa seg Pc til heimebruk. Data var ikkje noko naturleg del av arbeidslivet i dei fleste yrker. Hugsar til og med at då eg byrja å jobba som lærar i 1992 hadde skulen fått datarom. Eg var redd å trykkja på maskina i fare for å ødeleggja noko. Etter kvart fekk eg meg tak i billig brukt maskin frå ei bedrift i lokalmiljøet.

Åra frå 1993 og fram til guten min, som altså tilhøyrer sesamgenerasjonen, gjekk i ungdomsskulen gav fleire og fleire muligheter. Datamaskiner vart meir og meir ein naturleg del av både skuledagen og fritida. Frå at ungdom tidlegare hadde kjøpt seg båt eller moped for konfirmasjonspengane, var det store delar av sesamgenerasjonen som kjøpte eigen PC for desse. Kanskje var dette helst eit gutefenomen. Det var helst gutane som var opptekne av maskinene. Jentene var meir oppteken av mobiltelefon og Tv.

Datamaskinene kom etter kvart inn på dei fleste barne og ungdomsrom. I dag har bortimot alle ungdommar eigen Pc. Mange har til og med to. Dei har ei stasjonær maskin på rommet sitt og har i tillegg fått eller kjøpt bærbar Pc som dei har med seg på skulen, til vennar og på feriar. Alle har mobiltelefon. Tønnesen skriv på side 33 at ho sjekka informantane sine då dei gjekk i 5.klasse. Då hadde berre 5% av dei mobiltelefon. To år seinare, altså i 7.klasse hadde alle, og mange hadde ynskje om ein meir avansert modell.Ho seier at dette er raskare spreiing enn vanleg, men at ungdomane truleg har passert ei grense der brått alle må ha.

Sesamgenerasjonen går i dag siste året i videregåande skule. I skulen får alle si eigen bærbare datamaskin. Denne brukar dei heime og på skulen. (Ein liten digresjon: her hos oss bur me 1 vaksen og 3 ungdommar mellom 15 og 18 år. I huset har me 8 datamaskiner , to tv og alle har mobil, ein eller to. I tillegg har me 4 digitale fotoapparat, og 2 digitale videoapparat, 1 i-pod og 3 mp3 spelarar, kabel tv, og digitalt bakkenettverk) Me er ikkje spesielle eller priviligerte. Heimane har det slik no. Dei unge er omgitt av digitale media og dei er stort sett i bruk på ein eller annan måte store delar av døgeret.

Kva bruker ungdomane utstyret til?Bruken er nok litt ulik mellom jenter og gutar, men dei nærmar seg kvarandre stadig. Frå at jentene var mest opptekne av mobil og gutane av pc spel, er det no fleir og fleir jenter som deltek på lan der ein koplar seg saman med maskiner og spelar mot kvarandre, fleire og fleire jenter lagar seg bloggar som dei skriv jamnleg i og det er like mange gutar som jenter som nyttar sosial web som facebook, nettby, osv.

Frå at det i starten var surfing på nettet der dei kanskje leita fram fotballgrupper dei var fan av, popidol og liknande har dei no ein mykje vidare bruk av datamaskin og mobiltelefon. I dag har dei aller flesta maskiner som har kapasitet til video og biletredigering, pc spel og liknande.
Ungdom brukar utstyret til redigering av video. Dei deler videoar med andre på nettet, dei lastar ned musikk, deler musikk, dei spelar saman med andre , andre stader i verda, dei chattar md tekst og med video, skriv tekstar som dei legg ut, bloggar og hentar informasjon, kommenterer andre sitt arbeid osv osv. Me ser at bruken er vid. Det er ikkje lenger berre enkel bruk der ein finn informasjon om fanklubbar og liknande.
Mange seier at ungdom lever livet sitt på nettet. Ja, på mange måtar kan ein seia det. Dei brukar mange timar i døgeret framfor skjermane. Kor sundt er så det? Er det meiningsfylt? Lærer dei noko fornuftig?

Eg vil påstå at det gjer dei. Ein ting er at ein må fylgja utviklinga, elles vil ein til slutt vera heilt akterutsegla og ikkje henga med i tida. Ein vil verta utanfor og ikkje kunna delta verken sosialt eller fagleg. Det vil heller vera grunn til å regulera bruken i tid og innhald. Som vaksengenerasjon me involvera oss i den digitale verda. Me setja oss inn i kva dei unge held på med og prøva å læra oss det same. Berre på den måten kan me fylgja dei, og berre på den måten kan me gjera eventuell undervisning interessann ut frå at me veit kva og korleis dei eventuelt kan kombinera tradisjonell fagkompetanse med moderne digital kompetanse.

Dette er eit utvikling som kan gå hand i hand slik at dei kan nytta seg av det nymoderne, interessanne saman med tradisjonelt fagstoff i skulen. Dei vaksne og lærarar generelt få vidare kompetanse og utvida horisont i forhold til bruken av programvare og nett.

Eg jobbar i ungdomsskulen. Det siste året no viser at fleire og fleire ungdomar kjem med sine private bærbare maskiner på skulen. Eg trur at fleire og fleire vil koma med maskin. Til slutt sit heile klassar med sine eigne maskiner, uavhengig av skulen sitt utstyr. I klassen min på 24 elevar er det no 6 - 8 stk som sit med eigen PC. Sist skuleår var det berre ein og to private maskiner dagleg.

Kvifor gjer dei dette? Jau, ei årska er truleg at fleire har økonomisk høve til å handla slikt utstyr, i tillegg er dei ikkje fornøygd med kapasitet og programvare på skulen sitt utstyr. Vidare er det slik at skulen ikkje har nok maskiner til å dekka behova me har i kvardagen. Då vel heller ungdom å bruka sine eigne maskiner, og skaffar seg utstyr sjølv.

Ein seier gjerne at marknaden er metta i høve til digitalisering. Eg trur ikkje det. Eg trur utviklinga vil gå like fort frametter i tid og me vil heile tida måtta forhalda oss til ungdom som stadig får utvida kunnskap i digitalt bruk. Då me hengja oss på karusellen. Som lærar er det viktig at eg sit meg inn i bruken og prøver å kombinera det saman med fagkunnskapar og dermed gjev dei solid kompetanse både fagleg, digitalt.

Som mor er det same viktig for å kunna innvolvera meg i ungane sitt liv, og ha forutsetning til å forstå kva dei er opptekne av og kvifor. Dessutane er det viktig at eg kan fylgja med og sjå at kunnskapane deira vert nytta på ein grei måte som ikkje vil vera støytande for dei sjølve eller andre.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar