mandag 2. februar 2009

Sosial programvare mykje brukt mellom ungdom

I digitale media skil me gjerne mellom informasjonshenting og publisering. Eg vil her setja fokus på publisering på nett og personvern, særleg i ungdomskulturen.:




Sosial programvare – mykje brukt mellom ungdom – ei vurdering av nokre vanlege nettsamfunn.
Eg har her vurdert bruken av noko sosiale programvare eg kjenner til på nett. Valet mitt har hamna på den programvara eg ser mest brukt mellom ungdom rundt meg , og der eg òg, akkurat difor, har vore mest aktiv sjølv. Teksten min vil vera prega av subjektive meiningar ut frå erfaringar eg har med programvare, med ungdom både heime og gjennom arbeidet mitt.

Sosial programvare har kome for å bli. Det er det inga tvil om. Då vil det vera ei utfordring for den vaksne generasjon å setja seg inn i bruken av denne programvara og kva dei ulike nettsamfunna inneheld. Me må vera klar over at dei fleste ungdommar har full kontroll over denne bruken og nyttar ofte mange timar for dagen i chatterom, deler videoar og bilete spelar osv. Mange brukar ofte timane langt ut i nettene òg på denne typen aktivitet. Seinast i dag 2.febr 09 høyrde eg på radioen at store delar av norske elevar hadde problem med skulen pga natteleg aktivitet i sosial programvare og dataspeling. Fleire måtte etter kvart leggjast inn til psykiatrisk behandling pga aktiviteten. (NRK P1., nyheiter 2.febr09)

Men er det berre uttrøytting og psykiske problem som fylgje av det som ligg til grunn? Spørsmålet vil nok vera vanskeleg å svara på, men det er i alle fall heva over kvar ein tvil at all den aktiviteten ungdomane driv med ikkje er like trygg. Då tenkjer eg på kva som vert skrive og lagt ut for ålmennheita, kva bilete ein legg ut offentleg, og ikkje minst videoar. Det kan sjå ut til at særleg ungdom, men og nokre i vaksengenerasjonen, har problem med å sjå fylgjene av det dei gjer. Kanskje dei rett og slett ikkje forstår rekkjevidda av det dei gjer og kor mange dette når berre på få sekund.

Vidare er temaet mobbing svært aktuelt i så måte, både på nettet og utanfor. Dette har etter kvart vorte den vanlegaste forma for plaging og har vist seg vera ei stor belastning for enkelte ungdomar. Temaet mobbing er og mellom eit av hovudpunkta i ein rapport som kom før jul frå Internet Safety Technical Task Force. Rapporten er kalla ”Enhancing Child Safety and other Technologies” og du kan lasta han ned her: http://cyber.law.harward.edu/pubrelease/isttf/
Sjølv har eg fleire erfaringar med ungdom som har vorte mobba på nett. Særleg har dette vore i nettsamfunnet Nettby. For nokon har det vore så alvorleg at det har vore diskutert med politi for eventuell annmelding.

Tar me ein tur i http://www.nettby.no/ og ser kva ungdom legg ut om seg sjølv både av tekst og bilete, samt kva dei skriv til kvarandre og med kva for ein ordbruk, kan ein lura på om dei i heile tatt forstår konsekvensane dette kan få. I gjestebøkene til kvarandre skriv dei usensurert til og om kvarandre og ofte er fleire inne samstundes og skriv og diskuterer same tema. På ein måte fungerer dette om lag som når dei chattar i MSN, forskjellen er at her vert det dei skriv liggjande og kvens om helst kan lesa det seinare. Dato og tid for når det vart skrive står der og, og me kan sjå at mange snakkar med kvarandre i seine nattetimar midt i vekene så vel som i helgar.. Utfordrande bilete av barn i tidleg pubertet er heller ikkje uvanleg å finna i Nettby. Korleis skal me få borna til å få gode haldningar og digital dømmekraft? Ein ting er sikkert, fyrst av alt må me vaksne setja oss inn i problematikken sjølv for så å prøva å hjelpa ungdomane til å forstå konsekvensane.

Ut i frå personvernlova har ein heller ikkje lov å leggja ut bilete av andre utan løyve. I til dømes www.facebook.com kan kven som helst verta ute for at det ligg bilete av dei. Det kan vera seg at du er i eit festleg lag ein kveld og neste dag ligg det bilete av deg på facebook. Kanskje er du ein av dei som er i bakgrunnen av biletet og no vert presentert på facebook.

No skal det vera sagt at nettsamfunna har ein link der du kan rapportera bilete som du meiner ligg der uløyves. Likevel har du alt lagt der ei stund og me kan berre tippa kor mange millionar det har nådd ut til og kor mange gonger det eventuelt kan vera kopiert osv. Det vil vera umogeleg å få fjerna for godt bilete og videoar som alt har vorte lagt ut . øvst i innlegget her er eit klipp frå facebook der du ser kva som har skjedd dei siste minuttane. Som me ser har nokon lasta opp bilete av andre som vertlagt ut på denne måten. Då er det berre for meg å klikka meg vidare i bileta og sjå alle, eventuelt lagra dei hos meg sjølv eller bruka dei.

Youtube.com er ein ynda stad for ungdom å leggja ut video dei har laga sjølv. Det er gjerne video som er tatt med mobilkamera der og då , og vedkomande på filmen veit kanskje ikkje eingong at det er filma. Mellom anna kan me finna denne filmen på www.youtube.com:

http://www.youtube.com/watch?v=brn5nWNJqz4 Dette er link til ein film av ein lærar. Mest truleg veit ikkje læraren at ho er filma.

Kven sitt ansvar er så dette? Jau etter mi meining er det fyrst og fremst foreldre og føresette som må prøva å fylgja med på kva som går føre seg. Då kan ein ikkje vera fråverande og redde for å oppretta ein profil på nettstader. Det er einaste måten ein kan fylgja med på kva ungane våre held på med og om dei føl den sikkerheita me ynskjer. Eg trur det er heilt nødvendig at me vaksne deltek i desse nettsamfunna. Korleis skal me elles kunna hjelpa borna våre? Det er opp til oss sjølve kor mykje me gjer ut av det. Du kan vera aktiv deltakar , eller du kan vera ein passiv deltakar som berre føl med på kva som går føre seg.

Vidare er det ein stor jobb for oss lærarar å gjera elevane medvitne . Me må ha tid i kvardagane til å ta opp tema om sikkerheit og personvern og trygg nettbruk. Datatilsynet har gjort fleire tiltak for å gjera slik kunnskap tilgjengeleg. På nettstaden http://dubestemmer.no/ vil ein finna godt eigna stoff både for elevar og foreldre. Her er enkel tekst , bilete og video. Eg trur mange ungdomar vil tenkja meir gjennom sikkerheita og konsekvensane om dei vert gjort merksame på det , ikkje berre ein gong men fleire. Då må me berre setja i gang, gjerne fletta temaet inn alle stader og stadig minna dei på dette.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar