mandag 30. mars 2009

Barn og ungdom - mediekonsum, mediekritikk

Sanna Trygg har skrive ei eksamensoppgåve i journalistikk der ho ser på barn og unge sitt mediekonsum og medekritikk. Ho seier at mediekonsumet har viktig for deira forståing av tilværet sitt og korleis verda ser ut. Vidare meiner ho at me må leggja større vekt på korleis dei ulike media fungerer og analysera den skjulte bodkapen som ligg i desse. Dette bør me gjera i skulen meiner ho, og me bør starta alt i barneskulen. Ho viser til at sosiale nettstader som YouTube , Google og Wikipedia vert brukt langt ned i barneskulen.

Slik eg ser det er eg svært einig i det ho skriv. Eg underbyggjer i fyrste omgang med dei erfaringane eg sjølv har gjennom arbeid med barn og unge, i tillegg til morsrolla. Eg har 3 ungdommar i huset. 19, 17 og 15 år. Likevel kjem eg til å visa til forskarar og undersøkjingar som er gjort. Aller fyrst tek eg føre meg tv og film som eg meiner påverkar haldningane og sjølvinsikten hjå folk. Etterpå går eg inn på dei tre informasjonskjeldene som Sanne Trygg nemner.

Gjennom åra der sesamgenerasjonen har vakse opp, har det vore ei enorm utvikling på det teknologiske feltet.Dette har skapt ei anna medieverd for ungane og ungdomen. Dei har i mykje større omfang tilgang til vald, pornografi, andre sine skildringar av normer og reglar, betraktningar og haldningar. Språk, ord og uttrykk vert meddelt kvarandre på heilt annan måte enn før. Mange nettsider kan vera misvisande i forhold til bodskap. Dei gjer seg ut for å vera noko heilt anna enn kva dei eignetleg er. Slik er verda for ungdomane.

Mange tv program har vorte populære, program som skildrar tilværet og konfliktane for menneske. Kanskje noko sett på spissen og ikkje innanfor normalen, spør du meg. Eg tenkjer mellom anna på Hotel Cæsar, Home and Away osv. Tv gjev oss òg talentkonkuransar for ungdom og realityprogram som Big Brother. Ungdom freistar gjerne å identifisera seg med peronar og karakteristikkar i desse programma. På denne måten vil Tv og film (som dei og finn mykje av på youtube) vera med å danna deira forståing av tilværet sitt og den verda dei er ein del av.

Kven som helst kan filma og dela filmen sin med andre på youtube. Ein del farlege situasjonar kan oppstå når barn prøver å gjenta det dei ser der, til dømes jackass, satanisme, pornografi osv. Vidare deltek unge mykje i sosiale nettverk der dei finn informasjon. Youtube, Google og Wikipedia nemner Sanne Trygg. Ho meiner me bør læra borna kildekritikk at på barnesteget og eg seier meg einig i det.

Borna byrjar med data tidlegare enn mange foreldre trur. Enkelte foreldre let ikkje dei yngste ungane bruka data anna enn til skulearbeid. Men alt her nyttar dei google, wikipedia og youtube. Her søkjer dei etter informasjon og finn kjelder der alle kan skriva i. Kven som helst kan leggja inn informasjon i desse kjeldene og me veit ikkje alltid kva som er baktanken eller hensikten til forfattarane. Me kan heller ikkje vera trygg for at konkret informasjon er riktig.

På skulen bør me snakka med elevane om dette. Me bør byrja tidleg i barneskulen akkurat for å stoppa den trenden som har blitt, nemmleg at alle søker i google når dei er på leit etter informasjon. Carat Insights undersøkjing av søkjevaner fra 2008 viser at 90 % av nettbrukarar i norden brukar Google når de søker informasjon på nettet. Det fortel oss at det vil vera viktig å tidleg byrja læra elevane andre måtar å søkja informasjon på.

Eg ser i arbeidsdagane mine at elevane nyttar fyrst og fremst dei tre sosiale nettstadene som Sanne Trygg nemner for å finna informasjon, og det er vanskeleg å få dei til å endra på desse vanane. Aller helst vil dei halda på slik dei har gjort fordi dei trur det fungerer best. Det er eit arbeid for oss å få vekk desse haldningane og få dei til å forstå at dette ikkje er beste måten å søkja informasjon. Difor trur eg det er vikit gå starta i tidleg barneskule. Då kan me gå inn å forma søkjevanane til dei som skal verta ungdommar og etter kvart bruka fleire og fleire kjelder.

Ein måte kan vera å utvikla ei netvibesside der elevane får erfaringar med gode kjelder. Dette kan gjerast både i barnesteget og ungdomssteget. For dei elevane som alt har laga seg uvanar med å googla alt, kan det vera hensiktismessig å driva med kildekritikkøvingar. Gode øvingar på dette kan ein finna her: http://www.norsknettskole.no/fu08/view.cgi?&link_id=0.15892.17217&session_id=550230607Dette kan vera ein måte å få dei til å forstå og kanskje få nokre "aha opplevingar" Brått vil dei oppdaga at dei vert lurt av kjeldene.

Eg oppfordrar alle vaksne som les dette til å vera kjeldekritiske og mediekritiske. Berre på den måten kan me vidareformidla til borna våre og ungdommane korleis og kvifor det er så viktig å vera kjeldekritisk. Lærarar bør i aller høgaste grad setja seg inn i dette og ha det i fokus i alt arbeid ved skulen. Særleg når ein skal nytta nettet, film og andre media.
Påstanden min grunngjev eg med at Roger Sälsjö som er svensk forskar og professor i pedagogikk og kommunikasjon peikar på at utviklinga framover vil setja enda høgare krav til oversikt, strukturering og omgrepssmessig kunnskap. han seier vidare at å sammenfatta, trekke ut det viktigaste og kritisk evaluera informasjonen vil verta stadig viktigare i et samfunn med auka informasjon. Det kjem til å verta viktigare enn nokon gong å læra seg korleis ein kan få relevant informasjon. dette bør me ta på alvor og jobba med i skulen. ikkje berre i ungdomsskule og vidaregåande men heilt ned på barnesteget slik at elevane kan etablera god kompetanse og verta medviten bruk av kjelder.

onsdag 25. mars 2009

Web 2.0 med pedagogisk potensiale?







Ein jungel av muligheter ligg der.

Mange web 2.0 løysingar ligg klar for bruk på nettet. Ein forutsetning er at me kjenner til dei. Sjølv kjenner eg til ein del, nokre har eg i bruk, nokre har eg sett i bruk, og andre har eg ikkje sett meg inn i. Når det gjeld video så brukar eg youtube både privat og i arbeidssamanheng. Elevane brukar mykje video frå youtube ved framføringar av prosjekt og liknande. Vidre ser eg at dei deler mykje video med kvarandre på Facebook. Google videos har eg ikkje tatt i bruk og kjenner lite til. Kanskje det bør vera det neste eg tek tak i? Video kan vera eit greit pedagogisk verktøy i somme samanhengar. Særleg i prosjekt og temaarbeid der elevane vil visa til noko spesielt. Dessutan vert ofte framlegginga variert og kreativ ved slik bruk.

Når det gjeld lydprogram så kjenner eg til og har testa ut audacity. Dette har eg fått med meg gjennom studiet her og eg meiner det er eit godt verktøy både for meg sjølv og elevane. Når me jobbar med samansette tekstar kan dette vera eit godt hjelpemiddel, men det er viktig å vera oppteken av rettigheiter og gjera elevane merksame på at åndsverklova vert fulgt.
Bokmerker som bloggroll og delicious kjenner eg diverre ikkje til, men så snart eg får tid vil eg prøva å setja meg inn i bruken av desse for å testa om det kan vera eit pedagogisk potensiale i dei.

Mindomo og Freemind er tankekart på nett. Eg har teke Mindomo i bruk og brukt det i 10.klasse. Ein del elevar brukar programmet heile tida no og har funne eit godt verktøy i det. Det vil eg og gjera, men med arbeidsmengd på jobb, studiet i tilleg og fosterheimsoppgåve, vert det rett og slett raskare for meg å teikna karta for hand nett no. Eg meiner nettprogramma er betre , rydigare og med mange fleir muligheter. Ein lærar vil ha mykje att for å bruka desse.Eit godt pedagogisk hjelpemiddel.

Flickr og Picasa er verktøy for bilete. Eg har bruka picasa litt, men det eg har brukt mest på nett er picnik der eg redigerer bilete som eg lagrar lokalt på maskina mi. Eg brukar photostory eller movie maker aller helst. Det er fordi eg ikkje føler sikkerheit med å ha bileta i picasa. Ein kan jo velgja om ein vil ha dei offentleg eller ikkje , men dette valet treng eg ikkje ta stillig til i dei to programma eg nemner at eg brukar. Som verktøy for elevane synes eg picnik er godt. Eg har brukt det ein del i 8.klasse no, elevane finn lett ut av programvara og synes det er både interessant og kjekt å bruka. Dermed er det og enkalre å motivera dei for teori kring biletbehandling.

Tekstverktøy i web 2.0 er mellom anna Google dokument som eg meiner er eit svært godt pedagogisk verktøy. Her har me full mulighet til samskriving og til å laga samansette tekstar. Me kan dela dokumentet med kvarandre, med andre i klassen, på skulen og alle på nettet. Som sagt eit svært godt verktøy, særleg i sambruk med skype der ein kan ha tekstsamtale, videosamtale eller telefonsamtale medan ein jobbar.

Blogg er eit anna tekstverktøy og verktøy for samansette tekstar. Eg nyttar blogg. Det same gjer ein del elevar. Eg har ikkje teke det i bruk i heil klasse, men har det i bruk der det er tale om elevar som slit med vanlege skriftlege innleveringar. Viss dei bloggar, kan eg gje dei gode bloggoppgåver og dermed kunna vurdera dei skriftleg. Ein annan ting er at eg kanskje skulle teke blogg meir i bruk for å dela kunnskap og kunna kommentera til kvarandre.
Wiki brukar eg ikkje.
Syndikeringsverktøy er atom og rss. Eg har teke i bruk rss for å abonera på gode nettsider til netvibessida som eg har laga for 10.klasse. http://netvibes.com/grovalestrand#Almenn. Dette gjev oss ein unik mulighet til å laga gode nettsider for ungdomane våre. Klassen kan ha si eiga side der me abonnerer på gode informative sider. Dermed slepp elevane å googla etter informasjon. I google får dei kanskje berre opp 5 – 10% av dei sidene som er gode dersom dei søkjer. Elles må ein søkja heilt konkret ettr noko spesielt.

Sosiale nettverk eg kjenner til er My Space, facebook og nettby. My Space kjenner eg ikkje meir til enn at eg har kikka innom andre sine sider. Eg nyttar sjølv facebook, men trur ikkje det er så stort pedagogisk potensiale i desse sidene. Spesielt ikkje i nettby. Ein kan sjølvsagt diskutera kor mykje ein lærer av å delta i slike sider, i diskusjonar, dela video med kvarande, melda seg inn og ut i grupper osv. I nettby ser eg at ungdommane og skriv med eit språk der forkortingar og kodar vert brukt. Desse forkortingane ser eg igjen i norskfaget i form av feilskriving. Ein skriv meir dialekt og forkortingar som ikkje bør vera med i stila t.d. Det er ikkje bra.
Ning og linkedin kjenner eg ikkje til.

Mange nett2.0 løysingar kan vera gode å ta i bruk. Det er faktisk heilt nødvendig at me tek dei i bruk. Me skal læra ungdomane å ta seg fram på nettet på ein fornuftig måte, me skal visa dei gode måtar å sortera kunnskap, læra dei om gode kjelder, samansette tekstar, kunna ta seg fram i den teknologiske jungelen som etter kvart byrjar å bli og vera gagns menneske framover. Då må dei kjenna til nettet, løysingane og mulighetane som ligg der, men og alle dei farane som føl med dette. Det er opp til oss som lærarar å halda tritt med tida, gje elevane kunnskap om dette og bruka det som eventuelt vurderer som gode pedagogiske verktøy.

søndag 22. mars 2009

Netvibes eit godt verktøy i undervisninga, fritt på nett.

Har jobba med å utarbeida ei offentleg og ei privat side i netvibes i dag.
Her er den offentlege. Ta ein kikk. Dette er godt redskap for elevar og lærarar.
http://www.netvibes.com/grovalestrand#Allmenn
For å starta med starten, folkens. Du søker etter sida http://netvibes.com/ Der vil du kunna oppretta konto. Då er du i gang.





Som de ser så byggjer me opp ei side sjølv slik me vil ha ho ved å henta RSS frå dei sidene me vil ha med. RSS er eigentleg å abbonera på sida. Det fins ei RSS adresse til mange sider, men ikkje alle har bygd ut sidene sine på denne måten. Viss du ikkje finn RSS eller får det til å virka når du kopierer inn linken til sida du vil abonnera på så kan du prøva med denne: http://page2rss.com/ Den lagar på ein måte RSS adresse for deg slik at du kan linka til sida du vil. Viss ikkje det virkar kan du prøva: http://xfruits.com/

Resten trur eg at du finn ut undervegs. Du kan sjølvsagt definera innstillingar, redigera profilen din, leggja til småprogram som kalendar, notisblokk, været osv. Dette finn du ut av. Viss ikkje er eg hjelpsam om du spør.

Kva er dette godt for då? Eg ser at det kan vera med å hjelpa elevane i skulen til å rydda i nettsøka sine. Det viser seg at ungdom som oftast googlar og finn mange dårlege kjelder som dei refererer. Det er vanskeleg for dei å sortera ut kva kjelder som er relevante og ikkje. I denne programvara kan eg leggja ut sider som dei skal bruka og dermed læra dei ein ny måte å søkja informasjon på nettet.

Det vil og vera eit poeng at me bruker stort sett same kjelder som me veit er gode. Elles ser eg i undervisninga mi at elevar ofte kan ha nytte av gode nettsider som til dømes hjelper dei med grammatikk, sjanger osv. Her har me høve til å tipsa dei om slike sider.

Eg trur og dei kan verta meir samfunsmedviten av å bruka ei slik side. Ved å abonnera på nyhende, vil fleire kanskje byrja å fylgja med på slikt.

Vel dette skal ikkje vera noko avhandling, heller eit tips så set i gang. Eg får begrensa meg og ikkje leggja ut i det vide og det breie. la meg avslutta slik:Eg er svært positiv til netvibes.

Biletpresentasjon i Picasa

Eg har laga ein liten biletpresentasjon frå heimstaden min. Ulike typar vær her eg bur er tema. Det er berre nokre få bilete for å prøve funksjonen og læra seg å bruka biletpresentasjon i nettstaden til google.

http://picasaweb.google.com/Grovalestrand/Bildeforteljing?feat=directlink

Viss eg skal vera heilt ærleg så likar eg betre å laga biletpresentasjon i movie maker. Eg synes den programvara er enkel i bruk, du kan laga fine presentasjonar med musikk og overgangar der. I picasa er det og greit å laga presentasjon, men eg likar som sagt betre movie maker. Dett evil sjølvsagt vera smak og behag hos kvar enkelt.

Eg prøvde å leggja inn markering for stad. Dette er ikkje lett å finna att. Eg ser heller ikkje heilt poenget for min eigen del å gjera det. Kan henda ein i spesielle høve for spesielt interesserte vil vera greit å leggja bileta sine ut på nett med stadmarkering, men eg ser ikkje noko nytte ved det. Heller ikkje for elevane mine. Eg vil føla det tryggare for deira del om dei får laga biletpresentasjonane sine i movie maker eller photostory. Dette har rett og slett med sikkerheit å gjera.

Sjølvsagt er det opp til kvar enkelt kva dei vil gjera, men eg trur ikkje eg vil bruka picasa for å laga presentasjon.

Tenkeverktøy: Bridge Constructing Set



Her er linken der du kan lasta ned gratis demo av dette spelet/tenkeverktøyet: http://www.chroniclogic.com/index.htm?pontifex2.htm


Her er arbeidet eg har gjort:


Bru 1: 3271 $



Bru 2: 5091 $

Bru 3: 6911 $


Bru 4: 5174 $
Bru 5: 6105 $

Spelet går ut på å byggja bruer som skal halda når bilar eller tog skal kjøra over. Du kan velgja materiale og estetikk. Det er eit poeng å halda seg innan for dei økonomiske rammene som vert gjeve.

Den fyrste brua er ikkje så vanskeleg, men det flaskar seg litt til etter kvart. Eg hadde ein del kablar som gjekk i vatnet og bruer som knakk saman før eg fekk teken på det. Måtte bruka hjernen og tenkja litt etter kvart som bruene vart vasnkelegare. Bru nr 4 brukte eg nokre forsøk på. Kablane fall i elva likevel om eg hadde festa dei. Det gjeld å tenkja for å løysa problemet.

Slik programvare fangar. I det ein byrjar å setja seg inn i korleis det verkar, blir ein liksom fanga i tid og rom. det er kjekt å halda på med og gjev tenkemessig utfordring.

I skulesituasjon kan programmet brukast for å øva opp konsentrasjon hjå elevar som treng det. Ein del spes.elevar ville truleg hatt glede og nytte av å konsentrera seg på denne måten. Dessutan kan det truleg vera eit innslag i undervisninga i matte. Eg har ein kollega som byggjer fyrstikkbruer med elevane. Denne programvara kan eg anbefala han. Særleg sidan me har activeboard på skulen. Dei vil kunna bruka den eller rett og slett prosjektoren som heng i alle rom. Då vil elevane kunna jobba saman om problemløysing og kunna diskutera saman. Eit slikt verktøy passar både som gruppearbeid og individuelt arbeid. Sikkert spanande med ein konkurranse i klassen.

Kva programvare vel me og kvifor?

Kategorisering av programvare
Som lærar kjem ein i situasjonar der ein må velgja programvare til bruk. Då vil det vera på sin plass å ha klart føre seg kvifor ein vel dei ulike programvarene. Dette vil vera individuelt ut frå kva pedagogisk grunnsyn ein har, men å velgja medvite er viktig. Difor kan det vera greit å setja seg inn i ulike måtar å katagorisera programvare.

Koschmann sine kategoriar er ein. Ein annan måte er Hutchings kube. Eg har plassert noko vanleg programvare i kuben slik eg tenkjer. (Sjå biletet med forklaring)
og vil gje ein oversikt under her korleis nokre program kan kategoriserast ut frå Kochmann
http://www.ascilite.org.au/conferences/melbourne01/pdf/papers/koschmannt.pdf og Hutching.

Programvara og læresituasjon eg har plukka ut er: Tradisjonell tavleundervisning, powerpointframvising, film, photostory, Bridge Constructing Set og Blogg.
Hutching kube vil då sjå slik ut:


Kochmann sine kategoriar er:
CAI = (Computer-Assisted Instruction) ein behavioristisk læringsteori (programvare som gjev respons ved rett og galt.) Mellom dei alternativaeg skulle plassera vil ikkje nokon havna her om ein tenkjer konkret på programvare. Viss me derimot tenkjer på respons rett og galt, vil tradisjonell tavleundervisning havna her. Lærar gjev eleven respons på dei uttalelsar han kjem med.
ITS = (Information Processing Theory) som ein teori om læring.( programvare som analyserer og i neste rekkje gjev oppgåver ein treng) Heller ikkje her kan eg plassera nokon av mine program.
Logo-as-latin= tenkeverktøy = tillet å konstruera eigen kunnskap.Gjev ikkje svar men er eit verktøy
Her plasserer eg Mindomo og Bridge constructing set
CSCL = Sosialt orientert læringsteori. Ein lærer betre saman. Her plasserer eg Blogg.

Kjelde: http://www.ascilite.org.au/conferences/melbourne01/pdf/papers/koschmannt.pdf


Oppsummering:
Nokre av dei undervisningsmåtane/programvara eg hadde plukka ut let seg ikkje gjera å plassera i Kochmann sine kategoriar. Dette gjeld tradisjonell tavleundervisning, powerpointframvising og film
dersom me tenkjer på konkret programvare. Men den bihaveoristiske teorien vil kunna støtta vanleg tavleundervisning og delvis powerpointframvising på den måten at elevane får respons når dei gjev respons. Spørsmål, svar og diskusjon.
Eg synes Huchings kube er best av desse to. Det er enklare å sjå føre seg teorien på ein slik figur.
I katerogi 1 der eleven sit passiv og observerande plasserer eg tradisjonell tavleundervisning, powerpointframvising og film.
I kategori 2 der eleven er kreativ, aktiv, kontrollerande og forskande, plasserer eg blogg. Dei andre plasserer eg nær øverste høgre hjørne (sjå biletet av kuben) Grunngjevinga mi for dette er rett og slett grada av å gjera sjølv, kontrollera læresitusajonen og væra deltakande (learning by doing)

søndag 1. mars 2009

Barn og unges digitale arena - utvikling - bruk


«Sesam generasjonen» er eit omgrep henta frå Elise Seip Tønnessen si bok Generasjon .com Ho har drive forskning på den fyrste generasjonen som har vakse opp med eit kommersielt fleirkanaltilbod i TV, og som samstundes har opplevd utbreiinga av datamaskin og verdsveven si utbreiing. Fleir og fleir heimar har fått datamaskin til heimebruk i denne tida. Åra me snakkar om her er 1993 til 2005.

Når eg no skal skriva innlegget mitt her, vil boka til Tønnessen og hennar forskning liggja til grunn, men og at eg har opplevd sesamgenerasjonen tett på og har i tillegg jobba med ungdom både i fritid, gjennom utekontaktarbeid, og arbeid i skulen i desse åra.
Sjølv har eg ein gut som tilhøyrer Sesamgenerasjonen. Han var fødd 1990 og går ut av vidaregåande skule i 2009. Eg har danna meg nokre tankar om den raske digitale utviklinga og korleis me bør takla fenomenet.

Den digitale utviklinga har vore svært raskt veksande i desse åra. Tønnesen si bok omhandlar åra fram til 2005. Eg vil og sei noko om kva eg trur om åra frå 2005 og fram til i dag. I klasserommet på arbeidsstaden har me følt utviklinga på kroppen. Me ser ein stadig aukande bruk av datamaskin og programvare.

Tidlegare hadde folk gjerne ein eller muligens to fjernsyn i huset. Få hadde datamaskin.Etter kvart fekk me fleire kanalar å velgja mellom på Tv og enkelte byrja å kjøpa seg Pc til heimebruk. Data var ikkje noko naturleg del av arbeidslivet i dei fleste yrker. Hugsar til og med at då eg byrja å jobba som lærar i 1992 hadde skulen fått datarom. Eg var redd å trykkja på maskina i fare for å ødeleggja noko. Etter kvart fekk eg meg tak i billig brukt maskin frå ei bedrift i lokalmiljøet.

Åra frå 1993 og fram til guten min, som altså tilhøyrer sesamgenerasjonen, gjekk i ungdomsskulen gav fleire og fleire muligheter. Datamaskiner vart meir og meir ein naturleg del av både skuledagen og fritida. Frå at ungdom tidlegare hadde kjøpt seg båt eller moped for konfirmasjonspengane, var det store delar av sesamgenerasjonen som kjøpte eigen PC for desse. Kanskje var dette helst eit gutefenomen. Det var helst gutane som var opptekne av maskinene. Jentene var meir oppteken av mobiltelefon og Tv.

Datamaskinene kom etter kvart inn på dei fleste barne og ungdomsrom. I dag har bortimot alle ungdommar eigen Pc. Mange har til og med to. Dei har ei stasjonær maskin på rommet sitt og har i tillegg fått eller kjøpt bærbar Pc som dei har med seg på skulen, til vennar og på feriar. Alle har mobiltelefon. Tønnesen skriv på side 33 at ho sjekka informantane sine då dei gjekk i 5.klasse. Då hadde berre 5% av dei mobiltelefon. To år seinare, altså i 7.klasse hadde alle, og mange hadde ynskje om ein meir avansert modell.Ho seier at dette er raskare spreiing enn vanleg, men at ungdomane truleg har passert ei grense der brått alle må ha.

Sesamgenerasjonen går i dag siste året i videregåande skule. I skulen får alle si eigen bærbare datamaskin. Denne brukar dei heime og på skulen. (Ein liten digresjon: her hos oss bur me 1 vaksen og 3 ungdommar mellom 15 og 18 år. I huset har me 8 datamaskiner , to tv og alle har mobil, ein eller to. I tillegg har me 4 digitale fotoapparat, og 2 digitale videoapparat, 1 i-pod og 3 mp3 spelarar, kabel tv, og digitalt bakkenettverk) Me er ikkje spesielle eller priviligerte. Heimane har det slik no. Dei unge er omgitt av digitale media og dei er stort sett i bruk på ein eller annan måte store delar av døgeret.

Kva bruker ungdomane utstyret til?Bruken er nok litt ulik mellom jenter og gutar, men dei nærmar seg kvarandre stadig. Frå at jentene var mest opptekne av mobil og gutane av pc spel, er det no fleir og fleir jenter som deltek på lan der ein koplar seg saman med maskiner og spelar mot kvarandre, fleire og fleire jenter lagar seg bloggar som dei skriv jamnleg i og det er like mange gutar som jenter som nyttar sosial web som facebook, nettby, osv.

Frå at det i starten var surfing på nettet der dei kanskje leita fram fotballgrupper dei var fan av, popidol og liknande har dei no ein mykje vidare bruk av datamaskin og mobiltelefon. I dag har dei aller flesta maskiner som har kapasitet til video og biletredigering, pc spel og liknande.
Ungdom brukar utstyret til redigering av video. Dei deler videoar med andre på nettet, dei lastar ned musikk, deler musikk, dei spelar saman med andre , andre stader i verda, dei chattar md tekst og med video, skriv tekstar som dei legg ut, bloggar og hentar informasjon, kommenterer andre sitt arbeid osv osv. Me ser at bruken er vid. Det er ikkje lenger berre enkel bruk der ein finn informasjon om fanklubbar og liknande.
Mange seier at ungdom lever livet sitt på nettet. Ja, på mange måtar kan ein seia det. Dei brukar mange timar i døgeret framfor skjermane. Kor sundt er så det? Er det meiningsfylt? Lærer dei noko fornuftig?

Eg vil påstå at det gjer dei. Ein ting er at ein må fylgja utviklinga, elles vil ein til slutt vera heilt akterutsegla og ikkje henga med i tida. Ein vil verta utanfor og ikkje kunna delta verken sosialt eller fagleg. Det vil heller vera grunn til å regulera bruken i tid og innhald. Som vaksengenerasjon me involvera oss i den digitale verda. Me setja oss inn i kva dei unge held på med og prøva å læra oss det same. Berre på den måten kan me fylgja dei, og berre på den måten kan me gjera eventuell undervisning interessann ut frå at me veit kva og korleis dei eventuelt kan kombinera tradisjonell fagkompetanse med moderne digital kompetanse.

Dette er eit utvikling som kan gå hand i hand slik at dei kan nytta seg av det nymoderne, interessanne saman med tradisjonelt fagstoff i skulen. Dei vaksne og lærarar generelt få vidare kompetanse og utvida horisont i forhold til bruken av programvare og nett.

Eg jobbar i ungdomsskulen. Det siste året no viser at fleire og fleire ungdomar kjem med sine private bærbare maskiner på skulen. Eg trur at fleire og fleire vil koma med maskin. Til slutt sit heile klassar med sine eigne maskiner, uavhengig av skulen sitt utstyr. I klassen min på 24 elevar er det no 6 - 8 stk som sit med eigen PC. Sist skuleår var det berre ein og to private maskiner dagleg.

Kvifor gjer dei dette? Jau, ei årska er truleg at fleire har økonomisk høve til å handla slikt utstyr, i tillegg er dei ikkje fornøygd med kapasitet og programvare på skulen sitt utstyr. Vidare er det slik at skulen ikkje har nok maskiner til å dekka behova me har i kvardagen. Då vel heller ungdom å bruka sine eigne maskiner, og skaffar seg utstyr sjølv.

Ein seier gjerne at marknaden er metta i høve til digitalisering. Eg trur ikkje det. Eg trur utviklinga vil gå like fort frametter i tid og me vil heile tida måtta forhalda oss til ungdom som stadig får utvida kunnskap i digitalt bruk. Då me hengja oss på karusellen. Som lærar er det viktig at eg sit meg inn i bruken og prøver å kombinera det saman med fagkunnskapar og dermed gjev dei solid kompetanse både fagleg, digitalt.

Som mor er det same viktig for å kunna innvolvera meg i ungane sitt liv, og ha forutsetning til å forstå kva dei er opptekne av og kvifor. Dessutane er det viktig at eg kan fylgja med og sjå at kunnskapane deira vert nytta på ein grei måte som ikkje vil vera støytande for dei sjølve eller andre.