Viser innlegg med etiketten samansette tekstar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten samansette tekstar. Vis alle innlegg

onsdag 25. mars 2009

Web 2.0 med pedagogisk potensiale?







Ein jungel av muligheter ligg der.

Mange web 2.0 løysingar ligg klar for bruk på nettet. Ein forutsetning er at me kjenner til dei. Sjølv kjenner eg til ein del, nokre har eg i bruk, nokre har eg sett i bruk, og andre har eg ikkje sett meg inn i. Når det gjeld video så brukar eg youtube både privat og i arbeidssamanheng. Elevane brukar mykje video frå youtube ved framføringar av prosjekt og liknande. Vidre ser eg at dei deler mykje video med kvarandre på Facebook. Google videos har eg ikkje tatt i bruk og kjenner lite til. Kanskje det bør vera det neste eg tek tak i? Video kan vera eit greit pedagogisk verktøy i somme samanhengar. Særleg i prosjekt og temaarbeid der elevane vil visa til noko spesielt. Dessutan vert ofte framlegginga variert og kreativ ved slik bruk.

Når det gjeld lydprogram så kjenner eg til og har testa ut audacity. Dette har eg fått med meg gjennom studiet her og eg meiner det er eit godt verktøy både for meg sjølv og elevane. Når me jobbar med samansette tekstar kan dette vera eit godt hjelpemiddel, men det er viktig å vera oppteken av rettigheiter og gjera elevane merksame på at åndsverklova vert fulgt.
Bokmerker som bloggroll og delicious kjenner eg diverre ikkje til, men så snart eg får tid vil eg prøva å setja meg inn i bruken av desse for å testa om det kan vera eit pedagogisk potensiale i dei.

Mindomo og Freemind er tankekart på nett. Eg har teke Mindomo i bruk og brukt det i 10.klasse. Ein del elevar brukar programmet heile tida no og har funne eit godt verktøy i det. Det vil eg og gjera, men med arbeidsmengd på jobb, studiet i tilleg og fosterheimsoppgåve, vert det rett og slett raskare for meg å teikna karta for hand nett no. Eg meiner nettprogramma er betre , rydigare og med mange fleir muligheter. Ein lærar vil ha mykje att for å bruka desse.Eit godt pedagogisk hjelpemiddel.

Flickr og Picasa er verktøy for bilete. Eg har bruka picasa litt, men det eg har brukt mest på nett er picnik der eg redigerer bilete som eg lagrar lokalt på maskina mi. Eg brukar photostory eller movie maker aller helst. Det er fordi eg ikkje føler sikkerheit med å ha bileta i picasa. Ein kan jo velgja om ein vil ha dei offentleg eller ikkje , men dette valet treng eg ikkje ta stillig til i dei to programma eg nemner at eg brukar. Som verktøy for elevane synes eg picnik er godt. Eg har brukt det ein del i 8.klasse no, elevane finn lett ut av programvara og synes det er både interessant og kjekt å bruka. Dermed er det og enkalre å motivera dei for teori kring biletbehandling.

Tekstverktøy i web 2.0 er mellom anna Google dokument som eg meiner er eit svært godt pedagogisk verktøy. Her har me full mulighet til samskriving og til å laga samansette tekstar. Me kan dela dokumentet med kvarandre, med andre i klassen, på skulen og alle på nettet. Som sagt eit svært godt verktøy, særleg i sambruk med skype der ein kan ha tekstsamtale, videosamtale eller telefonsamtale medan ein jobbar.

Blogg er eit anna tekstverktøy og verktøy for samansette tekstar. Eg nyttar blogg. Det same gjer ein del elevar. Eg har ikkje teke det i bruk i heil klasse, men har det i bruk der det er tale om elevar som slit med vanlege skriftlege innleveringar. Viss dei bloggar, kan eg gje dei gode bloggoppgåver og dermed kunna vurdera dei skriftleg. Ein annan ting er at eg kanskje skulle teke blogg meir i bruk for å dela kunnskap og kunna kommentera til kvarandre.
Wiki brukar eg ikkje.
Syndikeringsverktøy er atom og rss. Eg har teke i bruk rss for å abonera på gode nettsider til netvibessida som eg har laga for 10.klasse. http://netvibes.com/grovalestrand#Almenn. Dette gjev oss ein unik mulighet til å laga gode nettsider for ungdomane våre. Klassen kan ha si eiga side der me abonnerer på gode informative sider. Dermed slepp elevane å googla etter informasjon. I google får dei kanskje berre opp 5 – 10% av dei sidene som er gode dersom dei søkjer. Elles må ein søkja heilt konkret ettr noko spesielt.

Sosiale nettverk eg kjenner til er My Space, facebook og nettby. My Space kjenner eg ikkje meir til enn at eg har kikka innom andre sine sider. Eg nyttar sjølv facebook, men trur ikkje det er så stort pedagogisk potensiale i desse sidene. Spesielt ikkje i nettby. Ein kan sjølvsagt diskutera kor mykje ein lærer av å delta i slike sider, i diskusjonar, dela video med kvarande, melda seg inn og ut i grupper osv. I nettby ser eg at ungdommane og skriv med eit språk der forkortingar og kodar vert brukt. Desse forkortingane ser eg igjen i norskfaget i form av feilskriving. Ein skriv meir dialekt og forkortingar som ikkje bør vera med i stila t.d. Det er ikkje bra.
Ning og linkedin kjenner eg ikkje til.

Mange nett2.0 løysingar kan vera gode å ta i bruk. Det er faktisk heilt nødvendig at me tek dei i bruk. Me skal læra ungdomane å ta seg fram på nettet på ein fornuftig måte, me skal visa dei gode måtar å sortera kunnskap, læra dei om gode kjelder, samansette tekstar, kunna ta seg fram i den teknologiske jungelen som etter kvart byrjar å bli og vera gagns menneske framover. Då må dei kjenna til nettet, løysingane og mulighetane som ligg der, men og alle dei farane som føl med dette. Det er opp til oss som lærarar å halda tritt med tida, gje elevane kunnskap om dette og bruka det som eventuelt vurderer som gode pedagogiske verktøy.

tirsdag 10. februar 2009

Xtranormal- animasjonsprogram fritt på nett. Fornuftig bruk eller moro?




Dei to siste dagane har eg site framfor skjermen her og testa ut xtranormal som er eit animasjonsprogram. Programmet ligg fritt på nettet og er forholdsvis lett å finna ut av. For å testa det ut laga eg ein liten filmsnutt som eg kalla Friends or not. Du finn filmen i høgre sida her i det svarte firkanten. Trykk på pila.

Elles er lenka her:
http://www.xtranormal.com/watch?e=20090209120758917

Enkelskkunnskapane mine er det så som så med, noko som truleg speglar seg igjen i det gramatiske i samtalen. Dette får du berre bera over med viss du klikkar deg inn i filmen min. Sjå heller etter bruksmoglegheit og tenk over om du meiner det kan vera fornuftig å bruka programmet i undervisninga.

Mine meiningar om det kjem her.:
Under dette innlegget står eit innlegg om bruken av Comic life som er eit program for teikneseriar og presentasjonar. Eg har skrive om mål og bruk der, og ser mykje av same nytten i dette anaimasjonsprogrammet. Me kan rett og slett bruka desse programma for å skapa moro, ny motivasjon og kreativitet. Som eit tverrfagleg opplegg der kuh er innvolvert, er det bra å etablera ny kunnskap på denne måten. I kuh skal elevane læra seg å laga film både vanleg film og animasjon. Her har me eit program som me kan bruka. Ved å kopla det til andre fag som norsk og engelsk vil ein kunna nå fleire av dei måla me har under dei ulike fag i læreplanverket. Elevane vil måtta skriva tekstane sine på engelsk, eller fransk om det er det faget ein har. Programmet er på engelsk og fransk. Eg prøvde å setja inn norsk tekst. Det gjekk for så vidt greit, men det var ikkje den heilt gode kvaliteten når stemmene i animasjonsprogrammet skulle lesa opp replikkane. Me høyrde kva som var sagt, men det vart noko utydleg sidan det er laga for engelsk/fransk.

Likevel har me eit val om å la figurane snakka japansk eller tysk i tillegg til mexikansk engelsk m.m men der er ikkje val for norsk. No er dette eit betaprogram, noko som tyder at det er under utarbeiding og ikkje ferdig, så me får håppa at det vil koma norsk i programvara og. Det vil gjera bruksmoglegheitene større.

Dette gjer og at eg meiner det oppstår nokre hindringar for å nytta det fullt ut i til dømes eit fag som norsk. Faget kan gjerne vera med i eit tverrfagleg opplegg, men vekta bør nok liggja på måloppnåing i kuh engelsk eller fransk.

Eg har skrive litt om generelle mål i innlegget under her og knyter dei til bruken av xtranormal.For å ikkje gjenta meg sjølv i tekstane her, viser eg til innlegget under og gjer merksam på at eg ser at det kan vera godt reiskap i undervisninga, både fordi det kan hjelpa oss å nå generelle mål og faglege mål. Dessutan vil det vera av interesse for dei fleste elevane. Det er min påstand at dei aller fleste er interessert i og synes det er spanande med nye ting, særleg teknologiske og digitale saker. Viss me kan nytta det til å få inn fagleg kunnskap frå ulike fag er det positivt.

Samansette tekstar og bruken av comic life i undervisning

Opplæringa skal møta barn, unge og vaksne på deira eigne premissar og samstundes føra dei inn i grenseland der dei kan læra nytt ved å opna sinn og prøva evner. Dei skal kjenna element som kan kombinerast på nye måtar og på den måten utvikla kreativiteten.Teknologien er viktig del som skal lærast og læring skjer ved at det nye vert forstått ut frå det kjente. Vidare skal undervisninga tilpassast den enkelte sine forutsetningar både fagleg og utviklingsmessig. Alt dette vil me finna i den generelle delen i læreplanen. Dette ligg og til grunn for at eg meiner me kan bruka mange verktøy for å nå måla våre. Den teknologiske utviklinga gjev oss stadig nye verktøy å bruka, men me må setja oss inn i bruken av dei, og tenkja gjennom korleis dei kan nyttast i undervisningssamanheng. Dette opnar opp for mange nye og sjølvsagt meir eller mindre gode løysingar. Eg har tenkt litt gjennom bruken av comic life, eit program for å laga teikneserie, oppslag, plakatar o.l og ser mykje positivt ved bruken. Til slutt kjem eg innom negative sider med slik bruk.

Dei siste dagane har eg vore i ein testfase der eg har prøvd ut ulike måtar å bruka verktøyet på. Her er litt av ein teikneserie og lenger nede ein presentasjon av meg sjølv.

Eg ser at dette er moro og inspirerande, men er det berre leik dette her? Ja, det kan det vera, men om me tenkjer gjennom kva me skal læra elevane og korleis me kan gjera det interessant , ja , så ser eg muligheiter .

Særleg kan slike program vera motiverande og godt i ulike læresituasjonar i spesialundervisning. Eg går ikkje meir inn på det her, men nemner berre at eg meiner det opnar opp dører for mange som slit.

Når det gjeld generell undervisning i klassesamanheng er tankane mine som fylgjer:

Om ein til dømes skal læra elevane om personvern og trygg bruk av nett, kan det vera greit å bruka comic life. Elevane må setjast inn i stoffet, diskutera og planleggja sin eigen teikneserie om temaet. Deretter må dei kanskje ta bilete med kamera, leggja bileta inn i programmet og laga ein teikneserie som handlar om personvern. Kanskje kan dei og nytta ulike program saman. Brukar dei Jing, kan dei ta skjermklipp , lagra som bilete og vidare brua desse i serien sin. Det er mange moglegheiter og berre fantasien sit grensene.

Det same gjeld eit kva som helst anna tema elevane skal læra om. Tverrfagleg kan ein jobba med dette i fleire timar i veka. Faget KUH vil alltid vera inne i biletet i eit slikt arbeid.Den kreative sida til elevane vert trigga og kanskje styrka gjennom arbeid med program som comic life. Det same gjer for så vidt norskfaget. I norskfaget skal elevar produsera eigne tekstar, dei skal vurdera reklame, laga teikneseriar og jobba med samansette tekstar der dei skal bruka ulike media, kjelder og estetiske uttrykk i tekstar. Sjølvsagt vil arbeidet vera ulikt både fagleg og tidsmessig etter kva årssteg ein legg slikt arbeid til.


Sjølv jobbar eg i ungdomsskule og ser at bruken av dette vil vera interessant. Særleg positivt kan det vera for elevane å meistra bruken av comic life om dei kjem opp til munnleg eksamen, og kanskje spesielt i norsk. Her har dei ein reiskap som dei kan gjera seg nytte av for å formidla stodf på ein kreativ måte, og som sensor ville eg la meg imponera.

Kva kan så vera negativt med bruken av comic life? Ein ting eller sak har alltid fleire sider. Eg trur det er viktig å tenkja gjennom kvar og kor tid ein bruker det. Det vil ikkje vera alle fag og alle typar stoff det vil vera like greit å laga eit bra undervisningsopplegg. Til dømes kan faget RLE ha innhald som kan vera vanskelegare å behandla på denne måten. Det har nok med respekt for tru og religionar å gjera. Me skal ikkje læra elevane å laga morsomheiter ut av ting som er viktige og kanskje heilagt for mange. Dessutan kan det vera tema både i samfunnsfag, ein del av den norske kulturarven osv som eg trur er vanskeleg å nå måloppnåing ved å bruka slike verktøy. Slik kan ein kanskje halda på. Å ramsa opp ting ein ikkje bør gjera eller bruka i slike program, men det ser eg inga meining i. Kvar enkelt lærar må vurdera bruken ut frå sine fag, mål og forutsetningar.

Rammebetingingar kan og vera til hinder for bruk av slike program. Kva utstyr ein har til rådigheit og funksjonen av dette utstyret er viktig for å få det til å fungera. Mangel på utstyr, eller dårleg utstyr skapar frustrasjon og sit hindringar i arbeid med teknologien. Det viktigaste er at me lærer oss å kjenna til den nye teknologien, så må kvar enkelt vurdera kva ein skal bruka og kvifor. Å ha måla klart for seg på førehand og deretter finna ein interessann, motiverande og utfordrande måte for kvar enkelt å læra på er det vikitge.