søndag 22. mars 2009

Netvibes eit godt verktøy i undervisninga, fritt på nett.

Har jobba med å utarbeida ei offentleg og ei privat side i netvibes i dag.
Her er den offentlege. Ta ein kikk. Dette er godt redskap for elevar og lærarar.
http://www.netvibes.com/grovalestrand#Allmenn
For å starta med starten, folkens. Du søker etter sida http://netvibes.com/ Der vil du kunna oppretta konto. Då er du i gang.





Som de ser så byggjer me opp ei side sjølv slik me vil ha ho ved å henta RSS frå dei sidene me vil ha med. RSS er eigentleg å abbonera på sida. Det fins ei RSS adresse til mange sider, men ikkje alle har bygd ut sidene sine på denne måten. Viss du ikkje finn RSS eller får det til å virka når du kopierer inn linken til sida du vil abonnera på så kan du prøva med denne: http://page2rss.com/ Den lagar på ein måte RSS adresse for deg slik at du kan linka til sida du vil. Viss ikkje det virkar kan du prøva: http://xfruits.com/

Resten trur eg at du finn ut undervegs. Du kan sjølvsagt definera innstillingar, redigera profilen din, leggja til småprogram som kalendar, notisblokk, været osv. Dette finn du ut av. Viss ikkje er eg hjelpsam om du spør.

Kva er dette godt for då? Eg ser at det kan vera med å hjelpa elevane i skulen til å rydda i nettsøka sine. Det viser seg at ungdom som oftast googlar og finn mange dårlege kjelder som dei refererer. Det er vanskeleg for dei å sortera ut kva kjelder som er relevante og ikkje. I denne programvara kan eg leggja ut sider som dei skal bruka og dermed læra dei ein ny måte å søkja informasjon på nettet.

Det vil og vera eit poeng at me bruker stort sett same kjelder som me veit er gode. Elles ser eg i undervisninga mi at elevar ofte kan ha nytte av gode nettsider som til dømes hjelper dei med grammatikk, sjanger osv. Her har me høve til å tipsa dei om slike sider.

Eg trur og dei kan verta meir samfunsmedviten av å bruka ei slik side. Ved å abonnera på nyhende, vil fleire kanskje byrja å fylgja med på slikt.

Vel dette skal ikkje vera noko avhandling, heller eit tips så set i gang. Eg får begrensa meg og ikkje leggja ut i det vide og det breie. la meg avslutta slik:Eg er svært positiv til netvibes.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar