mandag 30. mars 2009

Barn og ungdom - mediekonsum, mediekritikk

Sanna Trygg har skrive ei eksamensoppgåve i journalistikk der ho ser på barn og unge sitt mediekonsum og medekritikk. Ho seier at mediekonsumet har viktig for deira forståing av tilværet sitt og korleis verda ser ut. Vidare meiner ho at me må leggja større vekt på korleis dei ulike media fungerer og analysera den skjulte bodkapen som ligg i desse. Dette bør me gjera i skulen meiner ho, og me bør starta alt i barneskulen. Ho viser til at sosiale nettstader som YouTube , Google og Wikipedia vert brukt langt ned i barneskulen.

Slik eg ser det er eg svært einig i det ho skriv. Eg underbyggjer i fyrste omgang med dei erfaringane eg sjølv har gjennom arbeid med barn og unge, i tillegg til morsrolla. Eg har 3 ungdommar i huset. 19, 17 og 15 år. Likevel kjem eg til å visa til forskarar og undersøkjingar som er gjort. Aller fyrst tek eg føre meg tv og film som eg meiner påverkar haldningane og sjølvinsikten hjå folk. Etterpå går eg inn på dei tre informasjonskjeldene som Sanne Trygg nemner.

Gjennom åra der sesamgenerasjonen har vakse opp, har det vore ei enorm utvikling på det teknologiske feltet.Dette har skapt ei anna medieverd for ungane og ungdomen. Dei har i mykje større omfang tilgang til vald, pornografi, andre sine skildringar av normer og reglar, betraktningar og haldningar. Språk, ord og uttrykk vert meddelt kvarandre på heilt annan måte enn før. Mange nettsider kan vera misvisande i forhold til bodskap. Dei gjer seg ut for å vera noko heilt anna enn kva dei eignetleg er. Slik er verda for ungdomane.

Mange tv program har vorte populære, program som skildrar tilværet og konfliktane for menneske. Kanskje noko sett på spissen og ikkje innanfor normalen, spør du meg. Eg tenkjer mellom anna på Hotel Cæsar, Home and Away osv. Tv gjev oss òg talentkonkuransar for ungdom og realityprogram som Big Brother. Ungdom freistar gjerne å identifisera seg med peronar og karakteristikkar i desse programma. På denne måten vil Tv og film (som dei og finn mykje av på youtube) vera med å danna deira forståing av tilværet sitt og den verda dei er ein del av.

Kven som helst kan filma og dela filmen sin med andre på youtube. Ein del farlege situasjonar kan oppstå når barn prøver å gjenta det dei ser der, til dømes jackass, satanisme, pornografi osv. Vidare deltek unge mykje i sosiale nettverk der dei finn informasjon. Youtube, Google og Wikipedia nemner Sanne Trygg. Ho meiner me bør læra borna kildekritikk at på barnesteget og eg seier meg einig i det.

Borna byrjar med data tidlegare enn mange foreldre trur. Enkelte foreldre let ikkje dei yngste ungane bruka data anna enn til skulearbeid. Men alt her nyttar dei google, wikipedia og youtube. Her søkjer dei etter informasjon og finn kjelder der alle kan skriva i. Kven som helst kan leggja inn informasjon i desse kjeldene og me veit ikkje alltid kva som er baktanken eller hensikten til forfattarane. Me kan heller ikkje vera trygg for at konkret informasjon er riktig.

På skulen bør me snakka med elevane om dette. Me bør byrja tidleg i barneskulen akkurat for å stoppa den trenden som har blitt, nemmleg at alle søker i google når dei er på leit etter informasjon. Carat Insights undersøkjing av søkjevaner fra 2008 viser at 90 % av nettbrukarar i norden brukar Google når de søker informasjon på nettet. Det fortel oss at det vil vera viktig å tidleg byrja læra elevane andre måtar å søkja informasjon på.

Eg ser i arbeidsdagane mine at elevane nyttar fyrst og fremst dei tre sosiale nettstadene som Sanne Trygg nemner for å finna informasjon, og det er vanskeleg å få dei til å endra på desse vanane. Aller helst vil dei halda på slik dei har gjort fordi dei trur det fungerer best. Det er eit arbeid for oss å få vekk desse haldningane og få dei til å forstå at dette ikkje er beste måten å søkja informasjon. Difor trur eg det er vikit gå starta i tidleg barneskule. Då kan me gå inn å forma søkjevanane til dei som skal verta ungdommar og etter kvart bruka fleire og fleire kjelder.

Ein måte kan vera å utvikla ei netvibesside der elevane får erfaringar med gode kjelder. Dette kan gjerast både i barnesteget og ungdomssteget. For dei elevane som alt har laga seg uvanar med å googla alt, kan det vera hensiktismessig å driva med kildekritikkøvingar. Gode øvingar på dette kan ein finna her: http://www.norsknettskole.no/fu08/view.cgi?&link_id=0.15892.17217&session_id=550230607Dette kan vera ein måte å få dei til å forstå og kanskje få nokre "aha opplevingar" Brått vil dei oppdaga at dei vert lurt av kjeldene.

Eg oppfordrar alle vaksne som les dette til å vera kjeldekritiske og mediekritiske. Berre på den måten kan me vidareformidla til borna våre og ungdommane korleis og kvifor det er så viktig å vera kjeldekritisk. Lærarar bør i aller høgaste grad setja seg inn i dette og ha det i fokus i alt arbeid ved skulen. Særleg når ein skal nytta nettet, film og andre media.
Påstanden min grunngjev eg med at Roger Sälsjö som er svensk forskar og professor i pedagogikk og kommunikasjon peikar på at utviklinga framover vil setja enda høgare krav til oversikt, strukturering og omgrepssmessig kunnskap. han seier vidare at å sammenfatta, trekke ut det viktigaste og kritisk evaluera informasjonen vil verta stadig viktigare i et samfunn med auka informasjon. Det kjem til å verta viktigare enn nokon gong å læra seg korleis ein kan få relevant informasjon. dette bør me ta på alvor og jobba med i skulen. ikkje berre i ungdomsskule og vidaregåande men heilt ned på barnesteget slik at elevane kan etablera god kompetanse og verta medviten bruk av kjelder.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar