tirsdag 10. februar 2009

Samansette tekstar og bruken av comic life i undervisning

Opplæringa skal møta barn, unge og vaksne på deira eigne premissar og samstundes føra dei inn i grenseland der dei kan læra nytt ved å opna sinn og prøva evner. Dei skal kjenna element som kan kombinerast på nye måtar og på den måten utvikla kreativiteten.Teknologien er viktig del som skal lærast og læring skjer ved at det nye vert forstått ut frå det kjente. Vidare skal undervisninga tilpassast den enkelte sine forutsetningar både fagleg og utviklingsmessig. Alt dette vil me finna i den generelle delen i læreplanen. Dette ligg og til grunn for at eg meiner me kan bruka mange verktøy for å nå måla våre. Den teknologiske utviklinga gjev oss stadig nye verktøy å bruka, men me må setja oss inn i bruken av dei, og tenkja gjennom korleis dei kan nyttast i undervisningssamanheng. Dette opnar opp for mange nye og sjølvsagt meir eller mindre gode løysingar. Eg har tenkt litt gjennom bruken av comic life, eit program for å laga teikneserie, oppslag, plakatar o.l og ser mykje positivt ved bruken. Til slutt kjem eg innom negative sider med slik bruk.

Dei siste dagane har eg vore i ein testfase der eg har prøvd ut ulike måtar å bruka verktøyet på. Her er litt av ein teikneserie og lenger nede ein presentasjon av meg sjølv.

Eg ser at dette er moro og inspirerande, men er det berre leik dette her? Ja, det kan det vera, men om me tenkjer gjennom kva me skal læra elevane og korleis me kan gjera det interessant , ja , så ser eg muligheiter .

Særleg kan slike program vera motiverande og godt i ulike læresituasjonar i spesialundervisning. Eg går ikkje meir inn på det her, men nemner berre at eg meiner det opnar opp dører for mange som slit.

Når det gjeld generell undervisning i klassesamanheng er tankane mine som fylgjer:

Om ein til dømes skal læra elevane om personvern og trygg bruk av nett, kan det vera greit å bruka comic life. Elevane må setjast inn i stoffet, diskutera og planleggja sin eigen teikneserie om temaet. Deretter må dei kanskje ta bilete med kamera, leggja bileta inn i programmet og laga ein teikneserie som handlar om personvern. Kanskje kan dei og nytta ulike program saman. Brukar dei Jing, kan dei ta skjermklipp , lagra som bilete og vidare brua desse i serien sin. Det er mange moglegheiter og berre fantasien sit grensene.

Det same gjeld eit kva som helst anna tema elevane skal læra om. Tverrfagleg kan ein jobba med dette i fleire timar i veka. Faget KUH vil alltid vera inne i biletet i eit slikt arbeid.Den kreative sida til elevane vert trigga og kanskje styrka gjennom arbeid med program som comic life. Det same gjer for så vidt norskfaget. I norskfaget skal elevar produsera eigne tekstar, dei skal vurdera reklame, laga teikneseriar og jobba med samansette tekstar der dei skal bruka ulike media, kjelder og estetiske uttrykk i tekstar. Sjølvsagt vil arbeidet vera ulikt både fagleg og tidsmessig etter kva årssteg ein legg slikt arbeid til.


Sjølv jobbar eg i ungdomsskule og ser at bruken av dette vil vera interessant. Særleg positivt kan det vera for elevane å meistra bruken av comic life om dei kjem opp til munnleg eksamen, og kanskje spesielt i norsk. Her har dei ein reiskap som dei kan gjera seg nytte av for å formidla stodf på ein kreativ måte, og som sensor ville eg la meg imponera.

Kva kan så vera negativt med bruken av comic life? Ein ting eller sak har alltid fleire sider. Eg trur det er viktig å tenkja gjennom kvar og kor tid ein bruker det. Det vil ikkje vera alle fag og alle typar stoff det vil vera like greit å laga eit bra undervisningsopplegg. Til dømes kan faget RLE ha innhald som kan vera vanskelegare å behandla på denne måten. Det har nok med respekt for tru og religionar å gjera. Me skal ikkje læra elevane å laga morsomheiter ut av ting som er viktige og kanskje heilagt for mange. Dessutan kan det vera tema både i samfunnsfag, ein del av den norske kulturarven osv som eg trur er vanskeleg å nå måloppnåing ved å bruka slike verktøy. Slik kan ein kanskje halda på. Å ramsa opp ting ein ikkje bør gjera eller bruka i slike program, men det ser eg inga meining i. Kvar enkelt lærar må vurdera bruken ut frå sine fag, mål og forutsetningar.

Rammebetingingar kan og vera til hinder for bruk av slike program. Kva utstyr ein har til rådigheit og funksjonen av dette utstyret er viktig for å få det til å fungera. Mangel på utstyr, eller dårleg utstyr skapar frustrasjon og sit hindringar i arbeid med teknologien. Det viktigaste er at me lærer oss å kjenna til den nye teknologien, så må kvar enkelt vurdera kva ein skal bruka og kvifor. Å ha måla klart for seg på førehand og deretter finna ein interessann, motiverande og utfordrande måte for kvar enkelt å læra på er det vikitge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar