tirsdag 3. februar 2009

Seksuelle krenkingar og eller mobbing på nett

kjelde:www.nova.no

Det har vore mykje omtala i media om ungdom som opplever seksuelle krenkingar via nett, om jenter som vert oppsøkt av eldre menn og om dei som vert tilbode seksuelle samtalar, fantasiar og eventuelt aktivitetar. Dette har kome etter at ungdom deltek i sosiale nettsamfunn der dei eventuelt legg ut bilete av seg sjølv, personopplysningar og telefonnummer.
Mobbing og sjikane via nettet har og vore diskutert ein del i media. Særleg då dei fleste ungdomane byrja å ha mobiltelefon med kamera og videofunksjon. Ein meinte at dette lettare fører til mobbing og sjikane ved at ein legg ut bilete og video av kvarandre.


Rapporten Seksuelle krenkelser via nettet- hvor stort er problemet? http://www.nova.no/?id=18483 fortel oss fakta om problema. Det har vore gjort undersøkingar på oppdrag frå Redd Barna for å kartlegge nettopp desse problema. Internet Safety Technical Task Force har gjort tilsvarande undersøkjing og viser stort sett til same resultat i rapporten sin. http://cyber.law.harvard.edu/pubrelease/isttf/

Rapporten til nova fortel oss at det er fleire jenter enn gutar som opplever seksuelle krenkingar via nettet, men at foreldre og vennar reduserer risikoen ungdom har for å bli utsett for dette. Då spør eg meg: kva er grunnen til det? Er det fleire jenter som legg ut profilane sine på nettet? Er det noko med synet på jenter /kvinner i samfunnet vårt? Er det jentene som er for frisinna og lette å lura eller kva er grunnen?


Slikt er ikkje lett å svara på , men tek ein seg ein tur innom nokre av dei vanlege sosiale nettstadane der ungdom har profil, ser ein at ein del jenter tenkjer lite konsekvensar når dei legg ut bilete. På bileta poserer dei slik media viser oss at modellar og kvinner skal posera og dei er ofte lettkledde og utfordrande, for det er slikt som er i fokus i ungdomskulturen, i musikkvideoar, i reklame osv. Den gjennomsnittlege gut har kanskje ikkje så utfordrande bilete som jentene har. Det er og viktig å merkja seg at jenter er tidlegare modne enn gutar og tenkjer gjerne kropp og mote før gutane på same alder har kome ut av sandkassen.


Når det gjeld mobbing og sjikane så har dette vorte mindre av vert det sagt i rapporten. Eg stiller meg kritisk til det punktet. Kva resultat ein får , avheng litt etter korleis ein spør og kva ein er ute etter å vita. Viss ein tenkjer mobbing og sjikane via mobiltelefon, kamera, video og publisering så trur eg nok at dette kan vera riktig, men snakkar me om mobbing via skrivne ord i nettsamfunn, i chatterom som t.d. i nettby osv, så trur eg me hadde fått eit heilt anna resultat.


For å hindra slik seksuell sjikane og mobbing har rapporten nokre konkrete punkt til kva som må gjerast . Punkta kjem her som direkte sitat:
For det første tiltak overfor de enkelte nettsteder hvor barn og ungdom kan bli utnyttet, ved at administratorer/moderator ved hvert enkelt nettsted får et særlig ansvar for å følge med på den aktiviteten som foregår, og registrere aktivitet som kan tyde på at bestemte aktører oppsøker barn og ungdom med sikte på seksuell utnytting.


 At barn og ungdom gis praktiske muligheter til å rapportere om at de utsettes for lovstridig virksomhet på internett. Som for eksempel tiltaket fra politiet med «rød knapp».


 Et siste tiltak kan være opprettelse av terapeutiske tilbud overfor barn og unge som allerede har negative erfaringer med krenkelser eller overgrep knyttet til internett.


Eg tenkjer at me kan verta kvitt ein del problem ved at me har ei tettare oppfølging med kva ungdomane våre publiserer om seg sjølv. Ein treng rett og slett opplæring av både vaksne og ungar , ei slags bevisstgjering om nettadferd er nødvendig. Gjentaking og atter gjentaking på foreldremøte i skulen, mellom kollegaer, til elevar og med start tidleg i barneskulen er det som hjelper best, trur eg.
Rapporten viser at det var større problem tidlegare. Kanskje er dette fordi samfunnet har vorte meir og meir obs på problemet og prøver i større grad å nå fleire med informasjon ang tema. Bevisstgjering vil auka kompetansen hjå folk som igjen vil vera med å hindra lovbrytarar å utøva seksuell krenking.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar