
Ein jungel av muligheter ligg der.
Mange web 2.0 løysingar ligg klar for bruk på nettet. Ein forutsetning er at me kjenner til dei. Sjølv kjenner eg til ein del, nokre har eg i bruk, nokre har eg sett i bruk, og andre har eg ikkje sett meg inn i. Når det gjeld video så brukar eg youtube både privat og i arbeidssamanheng.
Elevane brukar mykje video frå youtube ved framføringar av prosjekt og liknande. Vidre ser eg at dei deler mykje video med kvarandre på Facebook. Google videos har eg ikkje tatt i bruk og kjenner lite til. Kanskje det bør vera det neste eg tek tak i? Video kan vera eit greit pedagogisk verktøy i somme samanhengar. Særleg i prosjekt og temaarbeid der elevane vil visa til noko spesielt. Dessutan vert ofte framlegginga variert og kreativ ved slik bruk.

Når det gjeld lydprogram så kjenner eg til og har testa ut audacity. Dette har eg fått med meg gjennom studiet her og eg meiner det er eit godt verktøy både for meg sjølv og elevane. Når me jobbar med samansette tekstar kan dette vera eit godt hjelpemiddel, men det er viktig å vera oppteken av rettigheiter og gjera elevane merksame på at åndsverklova vert fulgt.
Bokmerker som bloggroll og delicious kjenner eg diverre ikkje til, men så snart eg får tid vil eg prøva å setja meg inn i bruken av desse for å testa om det kan vera eit pedagogisk potensiale i dei.
Mindomo og Freemind er tankekart på nett. Eg har teke Mindomo i bruk og brukt det i

Flickr og Picasa er verktøy for bilete. Eg har bruka picasa litt, men det eg har brukt mest på

Tekstverktøy i web 2.0 er mellom anna Google dokument som eg meiner er eit svært godt pedagogisk verktøy. Her har me full mulighet til samskriving og til å laga samansette tekstar. Me kan dela dokumentet med kvarandre, med andre i klassen, på skulen og alle på nettet. Som sagt eit svært godt verktøy, særleg i sambruk med skype der ein kan ha tekstsamtale, videosamtale eller telefonsamtale medan ein jobbar.
Blogg er eit anna tekstverktøy og verktøy for samansette tekstar. Eg nyttar blogg. Det same gjer ein del elevar. Eg har ikkje teke det i bruk i heil klasse, men har det i bruk der det er tale om elevar som slit med vanlege skriftlege innleveringar. Viss dei bloggar, kan eg gje dei gode bloggoppgåver og dermed kunna vurdera dei skriftleg. Ein annan ting er at eg kanskje skulle teke blogg meir i bruk for å dela kunnskap og kunna kommentera til kvarandre.
Wiki brukar eg ikkje.
Syndikeringsverktøy er atom og rss. Eg har teke i bruk rss for å abonera på gode nettsider til netvibessida som eg har laga for 10.klasse. http://netvibes.com/grovalestrand#Almenn. Dette gjev oss ein unik mulighet til å laga gode nettsider for ungdomane våre. Klassen kan ha si eiga side der me abonnerer på gode informative sider. Dermed slepp elevane å googla etter informasjon. I google får dei kanskje berre opp 5 – 10% av dei sidene som er gode dersom dei søkjer. Elles må ein søkja heilt konkret ettr noko spesielt.
Sosiale nettverk eg kjenner til er My Space, facebook og nettby. My Space kjenner eg ikkje meir til enn at eg har kikka innom andre sine sider. Eg nyttar sjølv facebook, men trur ikkje det er så stort pedagogisk potensiale i desse sidene. Spesielt ikkje i nettby. Ein kan sjølvsagt


Ning og linkedin kjenner eg ikkje til.
Mange nett2.0 løysingar kan vera gode å ta i bruk. Det er faktisk heilt nødvendig at me tek dei i bruk. Me skal læra ungdomane å ta seg fram på nettet på ein fornuftig måte, me skal visa dei gode måtar å sortera kunnskap, læra dei om gode kjelder, samansette tekstar, kunna ta seg fram i den teknologiske jungelen som etter kvart byrjar å bli og vera gagns menneske framover. Då må dei kjenna til nettet, løysingane og mulighetane som ligg der, men og alle dei farane som føl med dette. Det er opp til oss som lærarar å halda tritt med tida, gje elevane kunnskap om dette og bruka det som eventuelt vurderer som gode pedagogiske verktøy.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar