fredag 23. januar 2009

Godt tenkeverktøy - fritt på nett


Mindomo er eit bra tenkeverktøy der du kan byggja opp tankekart på nettet. Du kan lagra det, dela med andre slik at andre kan jobba i same tankekart og du kan eksportera det til bilete t.d. Men vær obs på at de kan ikkje skriva samstundes i kartet.

Eg har prøvd dette ut med elevar i 10.klasse. Nokon synes det var eit godt verktøy, andre lika noko anna betre. Om du har elevar eller rett og slett likar tankekart sjølv, så prøv dette. Du finn det på http://www.mindomo.com/

Eg legg ved eit lite bilete der eg viser prøving for fyrste gong, heilt enkelt. Ein kan avansera kartet ved bruk av verktøylina som er med. Døme på slikt ser du i lenka under der studiegruppa har laga eit om sosialweb. (klikk på plussane ved sidan av boksane så opnar du meir)

Lenka til tankekartet om sosialweb ligg her: Her er interessann lesnad og grei oversikt over dei fleste typane sosial programvare me har på nett. Tankekartet til studiegruppa finn du her
http://www.mindomo.com/edit.htm?m=24596a413b5a48aba0ddd82d5a7347cb

søndag 18. januar 2009

Antilæring eller sosialweb som frelsande verktøy for lærarar?







Driv me med antilæring i skulen og vidare kan sosialweb vera det "frelsande" verktøyet for oss lærarar?

Dette spør eg meg etter å ha studert to utanlandske forskarar og deira teoriar .Eit stort spørsmål er om me er for tradisjonelle og gammaldagse i undervisningsformene våre. Bør me nytta ungdom sin arena, onlinespel og sosialweb, for å skapa god læringsarena og utvida kunnskap. Eg vel her å setja lys på dei to ulike syna vedrørande tema og koma med ein personleg konklusjon til slutt.

Neil Selwyn – kritiske auger mot bruk av sosialweb i læresituasjonar.
Den britiske forskaren Neil Selwyn ser med kritiske auger på bruken av sosialweb i undervisninga. Han held ei rekkje føredrag der han vurderer sosialweb og læring i eit kritisk lys. Mellom anna hadde han innleiing på ITU sin konferanse om sosial web og læring. I tillegg har han skrive artiklar om temaet. Eg viser til artikkelen hans: Web 2.o applications as alternative environments for informallearning – a critical reviw.

Selwyn seier at det er eit stort gap mellom aktivitetane i formell undervisning og sosial web. At ungdom likar teknologi meiner han er opplagt, men han lurer heller på korleis me skal få ungdom til å lika undervisning.

Det er ikkje gitt at ungdom vil ha sosialweb inn i undervisninga. Han trur mange ungdommar er kritiske til å trekkja dette inn i formell undervisning. Det kan vera seg av at dei vil ha eit skilje mellom formell undervisning og den private formidlingskunnskapen dei tileignar seg i fritida. Dessutan er ungdom meir kritiske enn me trur til å opna opp for slik kommunikasjon i skuletida. Dei er opptekne av internettsikkerheit og læringskvaliteten i undervisninga. Om me skal nytta sosialweb i undervisninga må undervisningsmåla og ikkje minst kunnskapsmåla vera klare. Meiner Selwyn

Vidare meiner han at uformelle læringsstrategiar no vert tiljubla som likeverdige, om ikkje viktigare, enn tradisjonelle IKT strategiar. Han viser til funn i undersøkingar i Europa, Nord Amerika og Australia som seier at ein finn læringsutbyte i slikt som Facebook, My Space og onlinespel.

Michael Welch – undervisning kan vera eit hinder for læring.
Ein av dei som er tilhengjar av undervisning med bruk av sosialweb 2.0 , er cannadiaren Michael Welch. Eg viser til hans artikkel: Anti-teaching: Confonting the crisis of significance samt eit ein timers videoklipp på youtube.com

Welch meiner i motsetnad til Selwyn at den tradisjonelle undervisninga i skulen ikkje lenger er god nok. Han går så langt at han kallar det som har vorte gjort for antiundervisning. Han meiner å sjå at undervisning kan vera eit hinder for læring.

Welch seier han har lært korleis han skal stilla gode spørsmål til studentane, men ikkje korleis dei skal læra å stilla gode spørsmål.

Eit tradisjonelt klasserom eller ein føredragssal er til hinder for god læring , meiner han. Klasseromma inspirerer ikkje til kritisk tenking og dialog, men er heller ein arena for lærarane til å distribuera informasjon. Welch støttar seg til teorien om at ein lærer ved å gjera.
Difor har han og eksperimentert med sosialweb i undervisninga og funne at dette fungerer bra, likevel om han ser utfordringar, som mellom anna at studentane kan verta distrahert og avleda av personleg stoff i sosialweben.

Han meiner me har bruk for ein betre læringsarena og har difor gjort forsøk med undervisning der sosialweb er verktøy for læring.
I undervisninga oppretta han ein digital plattform der elevane kunne ha både Facebook, blogg, nyheiter og lenker til kunnskapsstoff og sider. Vidare laga han eit digitalt opplegg der elevane bygde ut med videoar og liknande. Saman laga dei ein video med simulert verdshistorie. Studentane laga kvar sin del som vart sett saman og laga til ein video til slutt. Dette gjev meirverdi i læring meiner Welch .

Påstanden sin grunngjev han med at elevane ikkje lenger vert berre lesarar av statiske sider som fungerer om lag som papirsider, men vert aktive utøvarar og formidlarar av kunnskap. Dei stiller spørsmål og produserer svar til kvarandre og faktisk til alle som er innom websidene. På den måten distribuerer ein kunnskap verda over og hentar kunnskap frå heile verda.

Tradisjonell Ikt undervisning der studentane hentar informasjon frå internett gjev ikkje eit godt læringsutbyte då ein skal vera kritisk til kva ein finn og kvar ein hentar informasjonen frå. Kjeldene er ikkje alltid dei beste. Eit bra læringsutbyte vert det dersom me må undersøkja, stilla spørsmål til andre, gå i diskusjonar og produsera informasjon for andre lesarar.

Eigen konklusjon:
Eg ser at begge forskarane har gode element i sine teoriar.
Det viktige trur eg er at lærarar og kunnskapsformidlarar er kjende med sosialweb 2.0, at ein meistrar bruken av det og kan, om ein meiner det er hensiktsmessig, nytta det i undervisninga.

Det bør til kvar ei tid vera fokus på læringsmåla og korleis ein best kan nå den kunnskapen ein er ute etter at elevane skal sitja att med. Då må det vera opp til kvar enkelt lærar og i kvar enkelt situasjon å gjera seg nytte av eller forkasta bruken av sosialweb 2.0. Men at web 2.o er det "frelsande" verktøy for oss lærarar det stiller eg sterk tvil til etter å ha studert desse to forskarane og det dei har kom fram til. Dessutan ser eg i eiga erfaring at det er lett for elevane å mista fokus i timane når ein bruker PC. Særleg og viss me opnar for MSN , Facebook , blogg osv i timane. Mange ting lokkar – ein skal vera svært strukturert om ein ikkje skal la seg distrahera av all informasjon ein finn der.

Samstundes ser eg føremonene med å nytta web 2.0 . Enkelte skular i Noreg har gjort forsøk med dette og ser det som nyttefullt og at det er ein god reiskap i undervisninga. Døme på dette er TWEAK på Stovner VGS, der dei prøver ut prinsippet om å dela og utvikla kunnskap saman. Eg trur ikkje me skal vera redd for å prøva, dra vekslar på det andre har gjort forsøk med , me skal vera opne for at det kan vera bra, men samstundes skeptisk og tenkja nøye gjennom måla våre med å innføra sosialweb i klasserommet.

Ein ting er sikkert: Digital teknologi er i ferd med å etablera nye betingelsar og kontekstar for kunnskapsutvikling. Samstundes endrar me oppfattinga vår av kva som er gyldig kunnskap . Dette vil føra til at me endrar synet vårt på kva som er meiningsfulle aktivitetar i klasserommet. Vidare fører dette til at me vert utfordra til å laga undervisningsopplegg på nye måtar. Det er nødvendig at me kan forhalda oss aktivt til teknologien og elevane sin livsverden, og at me prøver å byggja bruer mellom skulen, teknologien og elevane si verd utanfor skulen. ( Hauge , Lund, Vestøl 2007: Undervisning i endring, s 31)

Difor trur eg at undervisningsmiljøet i Noreg burde ha eit fellesmål, der ein førebur elevar i barnesteget ved flittig bruk av Ikt. I ungdomssteget prøver ein å læra dei kritisk bruk av web, og gjev dei ”tryggare” oppgåver i bruk av sosialweb, som til dømes blogging av fagartiklar osv. Til slutt, i vidaregåande, er kanskje tida komen for å nytta sosiallweb meir i undervisninga. Då vil truleg elevane vera meir moden for slikt bruk enn tidleg i t.d. ungdomsskulen.

Kjelder:
Hauge Trond Eiliv, Lund Andreas, Vestøl Jon Magne 2007: Undervisning i endring IKT, aktivitet, design Abstrakt forlag, Oslo

tirsdag 13. januar 2009