torsdag 5. februar 2009

Å droppa leksene eller ikkje...


Under her har eg saksa innlegget som stod på nettsidene til Nrk Hordaland. Kjelbjørg Lunde har etter mi meining fått i gang ein viktig debatt i dag ved å gå ut med dei orda ho har gjort.
Bør elevane ha lekser heime? Er det leksene som gjer at dei lærer? Mange meiner det. Me har jo alle vakse opp med å gjera lekser og at leksene heime var viktige. Foreldra våre hjelpte til viss det var nødvendig, og læraren kontrollerte leksene då me kom på skulen.
Bør det vera slik i dag og?
Ein kan jo meina både for og imot og synsa at det eine eller andre er betre, men ein ting eg trur er sikkert er at samfunnet vårt har fått ei enorm endring i forhold til den tida då me gjekk på skulen. Samfunnet er rett og slett vorte mykje travlare, me ser at meir og meir av oppdragaransvaret vert lagt på skulen og lærarane og borna tilbringar færre timar saman med dei vaksne no enn før. Mange har rett og slett ikkje tid til å hjelpa borna sine og mange føler seg heller ikkje kompetent pga den store endringa som har skjedd både i pensum og med digitalisering.
I tillegg har mange unge det svært travelt. Dei er med på for mange fritidsaktivitetar og lever eit heller stressa liv. Det har fleire gonger vore skrive i media at unge i dag er meir deprimerte enn ungdom før. Grunnen er at krava er så store og alle hobbyane er med å stressa dei. Det heile vert for mykje og kroppen reagerer med angst, uro og depresjon. I ungdomsåra er ein gjerne og i arbeid utanom skuletid, gjerne fleire kveldar i veka pluss helgar. Me har eit samfunn der og krava om økonomisk fridom har vorte større. Ungdom treng pengar fordi forbruket stadig aukar.
Javel! har dei så tid til å gjera lekser? Kanskje ville det vore betre om skuledagen var ein halvtime lenger og alle elevane gjorde seg ferdig med arbeidet der. Då kunne dei og få hjelp dersom dei vill ha det. Når dei så forlet skulen er dei fri til hobbyar, vennar, jobbar og anna.
Kanskje er det dette Kjellbjørg Lunde har i baktankane når ho startar ein slik debatt som i dag. Ein debatt som har gjort nokon glad og andre harniske. Ka du trur?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar